
20-årsjubileum: Os seniordans feira seg sjølv
Sist onsdag var 43 medlemer av Os seniordans samla på Oseana for å feira gruppas 20-årsjubileum.
Os seniordans såg dagens lys i januar 2025. Sentralt i etableringa av det som i dag er blitt eit svært populært tilbod i Os eldresenter, var Grethe Sofie Henne og Dagny Gjerde.
Under jubileumsfeiringa i Oseana sist veke las Henne opp historia om korleis seniordansen fann vegen til Os, og korleis tilbodet vart motteke i bygda.

Her er Hennes historie
Det var i slutten av november 2004 ideen til Os seniordans kom.
Eg vart invitert til å vera med og dansa seniordans i kjelleren på Hotel Electra på Kypros der Knut Oksholm underviste. Dei første gongrne eg vart spurt, takka eg nei. For det første visste eg ikkje kva seniordans var, dessuten var eg då 54 år, og slett ingen senior, meinte eg.
Men, men, tilslutt vart eg med han, med løfte om at eg skulle få dansa med han. Han lurte meg godt der, for då eg kom der, fekk eg utlevert ei raud sløyfe, og de veit kva som skjedde då, ny partner heile tida.
Men nok om det, eg vart bitt av basillen! Det var siste dagen dei dansa der, men eg hadde bestemt meg. Eg skulle heim og dansa meir!
Vel, i Os var det ikkje seniordans, men det var fleire grupper i Bergen og omegn fekk eg vita, så saka var klar. Eg måtte få til ei gruppe i Os også, men kor? Knut visste om Os pensjonistforening, og meinte eg skulle spørja der.
Han lovte at hvis eg skaffa danseplass, skulle han komma opp fra Bergen der han dansa, og undervisa til eg hadde tatt kurs for å bli danseleiear.
Del av Os pensjonistforening

Då eg tok kontakt med pensjonistforreningen, møtte eg Dagny Gjerde som var dåverande leiar der, og der var eg heldig, for Dagny hadde sett eit glimt på tv om seniordansen, noko ho syntest såg kjekt ut, så dette måtte me få til, sa ho. Og dansen kunne me ha der, og dermed vart me ein aktivitet av Os pensjonistforeining.
Og når me hadde både lokale og danseleiar, var det berre dansarar som mangla. Me bestemte for å starta med eit innføringskurs på nokre veker, og annonserte det, både i lokalavisa og plakater der me fekk sett dei opp.
Inga påmelding var naudsynt, berre å koma, 12. januar 2005. Alt klart.
Dette var i slutten på november, så danseleiarkurs for meg, vart ikkje før i januar, men eg måtte no dansa mens eg venta.
Knut skulle snakka med "sjefen" der han dansa, i Bergen seniordans gr.1, Thorleif, så kunne eg begynna der. Meinte han, men det meinte ikkje Thorleif.
Så Thorleif ringte meg og han syntest det var flott at me skulle starta gruppe i Os, og ynskte oss lykke til, men eg kunne ikkje få dansa i hans gruppe, for dei hadde dansa så lenge ilag, så dei tok ikkje inn nybegynnarar. Men eg kunne ta kontakt med Aslaug Huse i Fyllingsdalen, for ho tok inn "kven som helst". Vel, siden eg var "kven som helst", så passa det perfekt for meg!
Og Aslaug "tok meg under sine venger" og vart min mentor. Eg var velkomen frå fyrste stund der. Så eg dansa med Aslaug i Fyllingsdalen kvar måndag med to grupper og tirsdag på Nesttun. Det fortsatte eg med også etter me starta sjølve. Kjempeskøy!

52 møtte opp
Så kom me i gang i Os. Eg husker, som det var i går, den dagen.
Det var eit forferdelig uvêr! Det regna og blåste så mykje at politiet stod vakt ved brua!
Kan tru me var spente me tre som stod å venta på om det ville koma nokon? Dagny, Knut og eg. Og plutselig, der "velta" dei inn, 52 som ville læra seg seniordans, og ikkje minst, sjå kva det var. Ja, osingane hadde vore ute ei vinternatt før dei!
Å seia at me vart glade, var vel mildt sagt. Me vart nok sjokka alle, kanskje mest Knut. 52 dansarar vart ein stor ring, ikkje rart at nokon havna på baken på scenen. Han tenkte ikkje på å ha to ringar, sikkert på grunn av sjokket.
Så sånn starta Os seniordans 12. januar 2005.
Knut var danseleiar til eg hadde tatt tre av grunnkursa, og 3. mars overtok eg som danseleiar. Dagny vart gruppeleiar, sekretær og kasserar. Me var jo berre to. Det vart ho som stod for alt arbeidet, ikkje minst å skaffa penger til alle kursa eg tok. Var det nokon plass ein kunne søka om tilskot, ver sikker på at ho fekk det med seg. Og penger fekk me.
Og siden me då var ein del av Os Pensjonistforening, hadde me gratis lokale. Ein stor fordel for oss. Til og med meg personleg gav dei ei pengegåve, noko som var veldig kjekt, for det viste at dei sette pris på det eg gjorde. På den tida hadde ikkje danseleiarane løn, men fekk kursa dekte. I alle fall då gruppene var nye, uten kapital.
Og det vart ein del kurs, me kunne ikkje dansa dei samme dansane igjen og igjen, men halda tritt med nye danser. For me reiste på regionstreff og der var det stort utvalg av dansar, så då gjaldt det å kunna øva på dei heime.
Og heime, ja, der dansa dei. På det meste var det tre grupper. To om onsdagen og éi om torsdagen. Då kom det vel med at det var meir enn éin danseleiar. Etter kvart vart dei slått sammen.
Og så ivrige og trufaste dei var. Det skjedde fleire gonger at ein dansar kom bort til meg etter dansen og sa at neste onsdag kunne ho ikkje koma, så då måtte eg ikkje læra dei ein ny dans. Dei ville ikkje gå glipp av noko.
Utruleg herlege menneske
Gjennom desse 20 åra har eg hatt den æra å bli kjent med mange, utrulig herlege menneske. Det har gitt meg enorm glede og få bli kjent med alle. Sjølv om eg ikkje hugsar namna. I alle fall ikkje no når me er så mange.
Men dansane hugsar eg, også dei eg lærte for 20 år siden. Men dei var enklare då, me hadde hverken dobbel hirsh, tvirlvine, california tvirl eller basketball turn. Men no kan me alt og dansar i veg.
Men - det viktigaste er ikkje dansen, men det sosiale. Både når me danser og ikkje minst i pausen. Me er så heldige at sidan Os Pensjonistforening driv kafé her, kan me kjøpa gode heimelaga runstykke og kaker der, og slappa av i gode lenestolar og sofaaar, medan praten går. Eg er sikker på at ingen andre grupper har eit så godt pausetilbod som oss.
Ja, dette var kort om starten til Os Seniordans, fortsettelsen kan de kanskje få på 25-årsjubileet. Ellers må eg skriva ei bok, for det er mange som har vore med på å halda gruppa i gang, ikkje minst då eg jobba på Kypros.
Berit Lerøen, som har vore sekretær i fleire år, har dessuten samla både utklipp og bilete i ei "bok" som heiter "Os seniordans, Mellom to permer" der me bl.a. kan lesa Dagny sin prolog i anledning 5-årsjubileet. Og kanskje de ser kjentfolk på bileta frå tidleg i seniordansen, for det er mange som har vore innom då helsa var god. Elles er det berre Kari Hjelle som har vore med fra dag éin. Ho tok berre pause då ho fekk seg nye hofter, så heldt ho fram. Boka til Berit kan lånast på omgang.
Men no skal me kosa oss og feira Os Seniordans sitt 20-årsjubileum.
Gratulera med dagen.
Hurra for oss!