Laga partylokale i møkkakjellaren: - No klekker hønene egg som aldri før
I møkkakjellaren på Innetunet i Eikelandsosen var både «guttastemninga» og eggproduksjonen høg i haust.
Mangelen på møtestadar for ungdommen i Fusa og korona-restriksjonar om at ein berre kunne møtast tjue personar samstundes, gjorde til at Gard Mathias Helland Halsteinslid (18) og kompisgjengen tok saka i eigne hender og laga eit klubbhus litt utanom det vanlege.
– Vi trengte ein samlingsplass der vi kunne møtast på ettermiddagar og ha festar i helgene. I og med at vi ikkje driv med sauer eller dyr lengre, tenkte eg at vi like gjerne kunne pussa opp møkkakjellaren til klubbhus, fortel Gard.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han fortel vidare at responsen på forslaget var svært god, både frå besteforeldra som eig garden og kameratar som ville vera med på prosjektet.
– Besteforeldra mine syntest det høyrtest ut som ein god idé. I løpet av berre to dagar samlast vi og spadde ut og køyrde vekk alt av møkk. Deretter brukte vi vel ei veke på å kalka og måla veggar, setja inn møblar og byggja baren.
– Har blitt meir samansveisa
Det å ha eit felles prosjekt er noko som har hatt positive verknader for kameratskapet.
– Vi har blitt ein mykje betre gjeng av å ha eit slikt felles prosjekt. Før var det liksom ikkje alle som var med alle, men no er vi blitt meir samansveisa.
Eggproduksjonen doblar seg på fest
Ein annan positiv verknad av klubbhus-prosjektet er ein auke i eggproduksjonen på garden.
– Tanta mi har høner oppe på låven og det som er litt artig, er at når vi er her nede og har fest, så legg faktisk hønene meir egg, ler Gard.
– Vanlegvis legg hønene 7-10 egg for dagen, men når vi er her, legg dei 7-18 egg, legg han til.
Altså doblar nesten eggproduksjonen seg når Gard og kompisgjengen skrur opp musikken på kveldstid.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg trudde dei tulla
Mor til Gard, Trude Kristiansdatter Helland, er imponert over innsatsen som har blitt lagt ned i den tidlegare møkkakjellaren.
– Eg trudde jo først at dei tulla då dei sa at dei hadde fått lov til å pussa opp her. Men eg har sjeldan sett ein slik innsats, at ungdommen står og skuflar møkk for å få ein plass å vera. Resultatet er kjempestilig, ler ho.
Trude fortel også at ho synest det har vore kjekt å bli meir kjend med kompisgjengen.
– Som mor føler eg at eg har blitt kjend med gutane på ein ny måte. Ofte finn jo ungdomen på sine eigne ting når dei blir 18 år, og dei snakkar kanskje ikkje med deg på same måten, men denne gjengen har verkeleg vore veldig kjekk og sosial.
– Kvifor ikkje la dei slå seg laus her i staden for at dei skal reisa til byen og alle andre stader der ein ikkje veit kva dei held på med, legg ho til.