Denne ungdomsbedrifta vil sørgja for lengre levetid for maskiner
– Ein ser ganske ofte at ting blir kasta tidlegare enn ein treng.
Dette seier Marcus Åsheim (17), dagleg leiar i Fjorden Industri og Reparasjon. Saman med produksjonsansvarleg Vegard Heie Bjørndal (17) og dei elleve andre elevane som går produksjon og industriell teknikk ved Fusa vidaregåande skule, starta dei i haust opp ungdomsbedrifta.
– Heilt enkelt sagt, så reparerer vi ting slik at folk slepp å kasta. Ofte er det berre småting som skal til for å reparera, men det er mange som berre kastar det uansett, så for oss har fokuset vore mykje på gjenbruk, fortel Marcus.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Kva slags ting er det de reparerer?
– Det kan vera alt mogleg. I fjor hadde vi ein traktor inne, og det ferskaste oppdraget som vi held på med no, er å laga rister til ein fisketank som ei bedrift har leigd oss inn til å laga, seier Marcus.
– Det treng ikkje vera så store ting heller. Dersom til dømes grasklipparen din ryk, kan vi fiksa han i staden for at du må kjøpa deg ein heilt ny. Då sparer du pengar, vi tenar pengar og så reddar vi alle miljøet lite grann, legg Vegard til.
Motiverande for skulekvardagen
I tillegg til at bedrifta på sitt vis bidreg til miljøet, bidreg den også til meir motivasjon i skulekvardagen.
– For mange i klassen trur eg at det å ha ei elevbedrift har vore motiverande fordi det gjer til at nokon andre enn oss får bruk for ting som vi lagar på skulen. Det gjer jo også til at vi legg ned litt meir innsats når vi er på verkstaden, seier Vegard.
– Ja, det er jo motiverande å sjå at tinga vi lagar kan vera nyttige for andre, legg Marcus til.
Til trass for at dei begge synest det har vore kjekt å starta ungdomsbedrift, er dei ikkje heilt sikre på om dei har lyst til å starta eiga bedrift ein gong.
– Det er jo kjekt at vi har lært om korleis ein kan starta ei bedrift og kva som må til for å styra ho og slikt, i tilfelle vi skulle få lyst til å gjera det seinare i livet, seier Vegard.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ja, ein veit jo aldri, seier Morten.