Toppskåraren til damelaget har skrive under for ny klubb
Mangeårig toppskårar på damelaget til Os, Vy Nguyen, søkjer nye utfordringar.
23-åringen frå Os har lenge vore ein ettertrakta spelar, men først no har den lynraske angriparen bestemt seg for å skifta beite. Sist veke skreiv ho under for Loddefjord IL. Ein nøkkelperson i saka er søftelendingen Bjørn Mjelva som no er assistenttrenar for Loddefjord-damene.
— Eg prøvde å henta Vy til Gneist då eg var trenar der. Den gongen svara ho at ho hadde større ambisjonar enn å gå til ein klubb i same divisjon. Det gjer ho altså no, seier Mjelva.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vy sjølv er klar på at dette var rett val å ta no.
– Eg kjente at eg trengde nye utfordringar for å kunna utvikla meg som fotballspelar. Dessutan har eg alltid hatt lyst til å prøva meg på eit høgare nivå. Det får eg no, seier Vy.
Loddefjord er eit godt etablert 2. divisjonslag, med store ambisjonar.
— Denne klubben satsar verkeleg på damefotball og det vert også jobba svært godt med rekrutteringsarbeidet her. Dessutan har Jan Ove Sæbø, som er hovudtrenar, eit svært godt nettverk etter fleire år i Sandviken, fortel Mjelva.
Svært god spelar
Mjelva gjekk sjølv til Loddefjord før årets sesong. Han trur Vy vil trivast svært godt.
— Me i Loddefjord har ambisjonar om å liggja i toppen av 2. divisjon, og med litt tur og medgang håpar me også å kunna kjempa om opprykk til 1. divisjon, fortel han.
— Kva er det med Vy som gjer at ho er ein spelar de verkeleg ville ha?
— Vy er ei ung, talentfull jente med ekstrem fart og gode avslutningseigenskapar. Dette er ferdigheiter me i klubben håpar å nyta mykje godt av når serien forhåpentlegvis startar opp att til hausten, seier Mjelva.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vy er blitt godt teken imot i klubben i Bergen Vest.
– Det er eit veldig godt miljø og spelaraneer veldig hyggjelege, så overgangen har gått heilt supert, seier 23-åringen.