VM-sølv til Sverre
I fjor klatra han for første gong opp på pallen i allround-VM. Søndag tok Sverre Lunde Pedersen endå eit steg opp på pallen då han sikra seg VM-sølvet i meisterkskapen i Berlin.
Han starta noko smålåtent på 500 meter og fekk kjeft av trenar Sondre Skarli for det. Men etter opningsdistansen i Sportsforum-hallen i Berlin har Sverre berre gått betre og betre. Laurdag ettermiddag vart han nummer to på halvmila og søndag føremiddag gjekk osingen bort og vann 1.500 meteren med sterke 1,46,24.
Hans argaste konkurrent om VM-sølvet, Jan Blokhuijsen, gjekk i siste par i lag med Sven Kramer. Med tida 1,47,66 vart han forbigått av osingen i samandraget. Dermed var det Sverre som fekk æra av å gå i siste par på mil-løpet i lag med VM-gull-grossisten, Sven Kramer.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sverre gav nederländaren bra kamp, men konsentrerte seg mest av alt om å halda Blokhuijsen bak seg på samanlagtlista. Etter den råsterke 1.500-meteren hadde Sverre 4,68 til gode på Blokhuijsen før 10.000 m. Det var meir enn nok. Sverre klokka inn til tida 13,11,19 og vart med det tredje best på distansen, berre slått av parløper Sven Kramer og Blokhuijsen.
Kramer vann allround-tittelen for åttande gong. Sverre har aldri vore nærmare. Neste år tek osingen kanskje endå eit steg opp på pallen.