Vinnarjentene måtte seia seg nøgd med sølv
I seks kampar heldt dei buret reint. I finalen mot Stabæk gjekk det knappe tre minutt før det rakna. Etter det vart det tøft å koma tilbake for Nore Neset/OsJ15.
34-1 i målskilnad og nummer to i Norway-cup er uansett ikkje noko å vera lei seg for. Innsatsen til dei blåkledde var upåklageleg, men i finalen møtte dei sine overjenter i Stabæk. Dei kvitkledde bærumsjentene var alt i alt betre. Både i banespel og med tanke på å skapa sjansar. Nore Neset/Os skapte knapt nok reelle målsjansar i denne finalen.
Dermed har lag frå Os endå til gode å vinna den store cupen. Til liks med Frode Heggland og Os junior vart det tap i finalen (dei tapte for Jo Nesbø og Molde), men jenter 15-laget skal vera stolte av innsatsen sin. I fjor vart dei nummer fire. I år vart det sølv. Kva blir det neste.
Artikkelen held fram under annonsen.
17 flotte jenter
Dei 17 jentene som har prestert for Nore Neset/Os denne veka er: Anne Noss Nordvik, Lena Hjelle Fløysand, Inger Christine Foldrup, Thale Strønen Skeie, Malin Solstrand Ludvigsen, Kine Ullensvang Moland, Ingeborg Hernes Leonsen, Nora Kvinge Austevoll, Andrine Brunvatne Kvittingen, Celine Eide Døsen, Agathe Côllestine Lekven, Astrid Matilde Mjånes, Hedda Stamnes Lindbom, Nora Blindheim Nøss, Karoline Østgulen Hevrøy, Anna Rød og Vilde Drange Veglo.