Vil starta FFO på Nore Neset
Nore Neset Idrettslag er i gang med å laga til ei fotballfritidsordning for elevar i 3. - 7.klasse.
Fotballfritidsordninga skal starta opp 1. desember, og går av stabelen kvar tysdag og torsdag. Klubben vil starta opp om minst 15 born vert meldt på. I denne omgang er det plass til maks 30 born, men om interessa er stor, vil Nore Neset utvida tiltaket frå 1. januar. Dei vil også sjå på høva for å laga til ei gruppe for 1. og 2. klassingar, om det er ønskeleg.
Godt kosthald og folkeskikk
Fotballaktiviteten vil sjøvsagt vera ein stor del av FFO-tilbodet, men samstundes ønskjer klubben å skapa bevegelsesglede gjennom variert aktivitet. Det er eit mål at FFO-deltakarane skal ha eit godt kosthald, læra seg god folkeskikk, og ha fokus på fair play.
Artikkelen held fram under annonsen.
Instruktørar leiar treningane
Klubben ser føre seg 1-1,5 timer med trening, og at resten av tida skal nyttast til førebuing, leik og leksearbeid dersom dette er noko foreldra ønskjer. Nore Neset vil nytta utdanna instruktørar til å leia treningane.
Os og Fusaposten har ikkje lukkast å få tak dagleg leier i Nore Neset Idrettslag, Jarle Heltne onsdag føremiddag. Me kjem attende med meir informasjon.