Vil revansjera Os´ tap
Vegard Leikvoll Moberg gler seg over at laget hans skal møta Lysekloster i cupen.
- Det blir kjekt for oss underklassearbeidarar å møta spelarar som livnærer seg på fotballen, seier han med eit smil om munnen.
Andre trekning i cupen er gjort, og der vart det klart at "Leik" og resten av Åsane fekk borteoppgjer mot Lysekloster. Kampen går onsdag 27. april i Lysefjorden.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg har aldri spelt mot Lysekloster, så det blir artig å endeleg få sjansen til å slå dei. Målet er å revansjera Os sitt tap onsdag, seier Leik og held fram:
- Lett match blir det absolutt ikkje. Vi møter eit lag fullt med kjente fjes, så dei vil heilt klart visa seg fram frå sin beste side. For å seia det slik, vi går ikkje vidare om vi slepp oss ned eit hakk.