Vidar «Valium» Bahus tilbake mellom stolpane
Den prekære keepersituasjonen på Kuventræ gjer at Vidar Bahus må vakta Os-buret i neste cupkvalik og i seriepremieren. (1. april)
(Dette var ein av to aprilspøkar Os og Fusaposten hadde laurdag 1. april 2017). Sist gong keepertrenaren til Os stod mellom stengene og hadde hanskane på, var for to år sidan. Sist gong han spelte ein obligatorisk kamp var så langt tilbake som i 1999.
Då vakta han Brann-buret borte mot Tromsø.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er lenge sidan, men eg har halde forma godt ved like. 3. divisjonsfotball skal nok gå bra, seier den spreke 51-åringen.
Den siste seriekampen han stod, var for Brann borte mot Tromsø. Etter dette slutta Vidar tvert.
– Eg kunne sikkert ha halde det gåande lengre, men då hadde eg 17 år bak meg frå toppfotballen, og fann det naturleg å prioritera andre ting, fortel Vidar.
No har han to viktige oppgåver framfor seg. Cupkvalik-kampen borte mot Arna-Bjørnar komande onsdag, og seriepremieren heime mot Spjelkavik laurdag 15. april.
– Det er ikkje slik at eg har tørsta etter eit comeback, men eg er glad i Os, og når det ikkje finst nokon annan løysing, er det soleklart at eg stiller opp for klubben, seier joviale Vidar.
Vikar for vikarane
Det var mykje som skulle gå galt før Vidar vart nøydd til å finna fram hanskane igjen. Men keepersituasjonen til Os har vore heilt utanom det vanlege denne vinteren.
Os-trenar Hassan El Fakiri er berre lukkeleg over å ha ein såpass erfaren og sprek keepertrenar i stallen.
– Vidar blir redninga vår no, slik situasjonen er. Med keeper-vikar Anders Kloven skadd, og unge Glenn Hjelle si leie skulder, var det ingen andre utvegar. Heldigvis sa Vidar seg villig
Artikkelen held fram under annonsen.
til å gjera ein jobb for oss, så får me håpa at både Thomas Hille, Kasper Færøvik, Anders Kloven og Glenn Hjelle blir skadefrie så snart som mogleg.
– Det kan tenkjast at Vidar må stå fleire kampar?
– Ja, det er jo ikkje usannsynleg. Gjer han det veldig bra, kan det jo også bli vanskeleg å setja han ut, seier Fakiri, som tydeleg har trua på den gamle Fyllingen- og Brann-helten.
– Har du spelt med Vidar tidlegare?
– Nei, då eg kom til Brann i 2000 hadde Vidar lagt opp, svarar Fakiri.
– Men me har spelt mot kvarandre på øvste nivå. I 1997 slo me dykk 5-1 borte, då du spelte for Lyn og eg for Brann, kommenterer Vidar.
– Eh, nei, det hugsar eg ikkje, skjemtar Fakiri.
– Jaudå, det var forferdeleg. Keeperen vår var så dårleg at han gjekk av banen før første omgang var blåst av, mimrar Fakiri.
Artikkelen held fram under annonsen.
Enorm rutine
Få keeperar i Hordaland kan skilta med like god erfaring som Vidar. 51-åringen debuterte for Os alt i 1983. Etter seks år med fotball på nest høgste og tredje øvste nivå for klubben på Kuventræ, hadde han seks år med Fyllingen, før han i fem år vakta målet til Bergens stoltheit, Brann.
På vegen fekk han med seg tre cupfinalar, og ei rekkje med kampar på eliteserienivå i Noreg.
– Det vart tre cupfinalar – i 1990, 1995 og i 1999. Alle mot RBK, og alle enda med tap, sukkar Vidar.
Etter at han la opp som spelar har han lagt ned ein solid innsats for fotballen i Os – både som keepertrenar og som trenar.
– No er eg inne i min fjerde sesong som keepertrenar for Os. Det trivst eg godt med. Men eg må visst ha køyrd dei litt hardt, for dei blir jo skadde i eitt sett, alle mann, humrar han.
Vidar Valium is back
Trenarjobben gjer at han stadig har fokus og god kunnskap om det å vera bakarste mann på eit 11-ar-lag.
– Det er ei stund sidan sist eg stod i mål sjølv, men rutinen er god, og eg er slett ikkje blitt så mykje treigare med åra. I alle høve ikkje i mål, ler Vidar.
– Seriepremieren er heime mot Spjelkavik laurdag 15. april. Blir det rart å re-debutera for Os?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ikkje rart. Det blir mest stort. Os er klubben i mitt hjarte, og i så måte er det stas å få representera dei ein gong til, smiler han.
– TV2-reportar Davy Wathne kalla deg alltid for Vidar Valium. Kvifor gjorde han eigentleg det?
– Det var fordi han meinte at eg var så roleg i alle situasjonar.
– Har du den same roa i seriepremieren neste laurdag?
– Sjølvsagt. Vidar Valium is back. Berre slapp av. Dette fiksar eg fint, berolegar veteranen.
Kenneth Svenningsen
kenneth.svenningsen@osogfusa.no