- Vi må starta betre enn i fjor
Os-trenar Hassan El Fakiri er oppteken av at laget må ha ein god start om dei skal kunna rykkja opp, og han trur ikkje dei har råd til å tapa mange kampar i år.
Serieopninga går av stabelen laurdag 09. april borte mot Lyngbø. Laurdagen etter kjem Austevoll til Kuventræ, før Os skal spela borte mot Vestsiden-Askøy og Tertnes.
- Kva tenkjer du om programmet i starten?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg har ikkje fått kikka så nøye på det. Eg kjenner førebels ikkje så godt til alle laga me skal møta, men det eg kan seia er at vi må starta betre enn i fjor, slik at me kan hengja med frå start av, seier El Fakiri.
Kort reiseveg til bortekampane
Tre av Os´ fire første kampar i starten av sesongen er på bortebane, men i år er i alle fall reisevegen monaleg korta ned.
- Det var både hyggeleg og sosialt med busstur i fire timar, men sjølvsagt vil me heller ha ein reiseveg på ein halvtime slik me får i år, seier Os-trenar Hassan El Fakiri.
Spår tøff kamp om opprykk
Os har ambisjonar om å rykkja opp, men Os-trenaren veit at det blir tøft.
- Sotra taper nesten ikkje, og dei kjenner godt til dei fleste laga vi skal spela mot i år, som er ein fordel. Dei har satt standarden, og vi har nesten ikkje råd til å tapa kampar om vi skal rykkja opp, seier El Fakiri og legg til:
- Eg er usikker på kva trenaren til Brann tenkjer i forhold til dei A-lags-spelarane som ikkje spelar kampar for førstelaget, og om dei går for opprykk med andrelaget. Dei kan vera ein opprykkskandidat om dei ønskjer det sjølv. Eg høyrer også at Varegg satsar på opprykk.
I tenkjeboksen
- Kjem det nokre nye spelarar inn før seriestart?
- Vi jobbar med den troppen vi har, men vi er alltid på utkikk etter gode fotballspelarar. Det er også viktig at dei passar inn i gruppa, seier El Fakiri.
Artikkelen held fram under annonsen.
Stian Lunde og Torkel Hjertnes er usikre på om dei kjem til å vera ein del av laget i år.
- Dei er framleis i tenkeboksen. Eg ønskjer sjølvsagt å ha dei med vidare. Dei er gode fotballspelarar begge to, og fine gutar å ha i garderoben. Ikkje minst så er dei frå Os, noko som er viktig for oss.