- Vi er til tider betre enn Åsane
Lysekloster-trenar Thomas Sandal seier at spelarane ikkje har grunn til å deppa etter tapet for Åsane i kveld.
- Geir André Herrem var forskjellen på laga i dag. Han kom inn og både skapte sjansar og laga fleire mål. Det er han som gjer at Åsane går vidare. Ingen tvil om det, seier Sandal.
Stemninga var naturleg nok ikkje på topp i garderoben etter kampen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er naturleg etter at vi leia 3-0 med 15-20 minutt att å spela, men vi har ingen grunn til å deppa. Vi skaper ein haug med målsjansar og er til tider betre enn Åsane, seier Sandal.
- Gutane gjer ein kjempejobb
Lysekloster-trenaren seier at gutane gjorde ein kjempejobb i kveld, og dette er noko dei kjem til å dra nytte av i serien.
- Vi står distansen ut, og skapar like mange sjansar som dei, om ikkje fleire. Det er aldri ein fordel å spela ekstraomgangar, men det positive er at vi får satt laget betre. Vi blir bare betre og betre, seier Sandal og held fram:
- Eg har sagt at vi etter fem-seks kampar skal ha satt laget og spelet, og vi ser framgang for kvar kamp som går. No må vi starta å ta poeng i serien. Det er det som tel.
- Vi spelte godt i 70 minutt
Planen frå trenarane var å halda på taktikken og køyra på i same stil også etter 3-0, men det såg ikkje slik ut frå sidelinja.
- Det var nokre spelarar som datt litt ut og nærast såg ut til å ta sigeren på forskot, seier Sandal om kollapsen.
- Samstundes har vi våre sjansar og vi kunne vunne det på slutten.
Lysekloster-kaptein Baste Jonassen fortel at det var mange slitne bein på slutten.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Vi spelte godt i 70 minutt. Etter det merka vi at mange var dyktig slitne. I ekstraomgangane fekk dei nokre billege mål, der dei sprang rett igjennom og skåra. Eg merka sjølv at eg ikkje hadde meir å gje, og klarte ikkje å følgja, seier Jonassen og legg til:
- Vi får koma sterkt attende søndag. Då skal ta vår første siger i serien i år.
Sjølv om det var mange slitne bein, ser det ut til at Lysekloster-spelarane kom frå kampen utan varige mén.
- Vi får ta ei oppteljing i morgon, men det ser ut til at det berre var krampar, og ikkje skadar på spelarane, seier Sandal.