Villa skal køyra med ungdomane og visa seg fram på banen i Kolskogen.
Villa skal køyra med ungdomane og visa seg fram på banen i Kolskogen.

Verdsstjerne kjem til Os

Verdsmeister i freestyle motorcross, André Villa, kjem til Os i ettermiddag. - Besøket er ein gevinst til «Køyr for livet-klubben» i Os, som med sitt engasjement har gjort ein stor forskjell for ungdom i kommunen.

Sitatet kjem frå Arvid Nesse, regionsleiar i Vest i Køyr for livet-klubben.

- André kjem til banen i Kolskogen i 16-tida, og skal vera der til rundt klokka 19. Han skal køyra litt med ungdomane i klubben, og visa fram nokre triks, seier Nesse.

Artikkelen held fram under annonsen.

Viktig ambassadør

André Villa har vore ambassadør for Køyr for livet i ei årrekkje.

- Dei som helsar på Andrè, ser raskt kor stort engasjementet hans er. Det er kjekt for ungdomane å få helsa på han, men eg trur han synest det er like kjekt å få helsa på dei, og at han brenn for å gjera ein forskjell for ungdom, seier Nesse.

Skryt av Os kommune

Køyr for livet har 25 klubbar i 25 kommunar, fordelt på ni fylke i Noreg. Regionsleiaren vil trekkja fram Os kommune som unik i Køyr for livet-samanheng.

Ambassadør for Køyr for livet, og verdsmeister i freestyle motorcross, André Villa kjem til Os i ettermiddag.
Ambassadør for Køyr for livet, og verdsmeister i freestyle motorcross, André Villa kjem til Os i ettermiddag.

- Eg må skryta av Os kommune og meistringsteamet. Dei har vore utruleg engasjerte og lagt forholda til rette for klubben. Kommunen er unike i Køyr for livet-samanheng, seier Nesse.