Sverre Lunde Pedersen er i toppform før verdscupstarten neste helg. (Arkivfoto)
Sverre Lunde Pedersen er i toppform før verdscupstarten neste helg. (Arkivfoto)

Verdsmeistermateriale

Under eit testløp i Calcary laurdag, knuste Sverre Lunde Pedersen den personlege rekorden sin på 3.000 meter med nesten tre sekund.

Osingen kom i mål etter 3.34,66 minutt. Det er langt betre enn den offisielle verdsrekorden på distansen. Den sette Eskil Ervik i 2005 med tida 3.37,28.

Ifølgje BA trudde ein først at den 23 år gamle Fana-løparen hadde sett ny uoffisiell verdsrekord, men den er det visst nok den russiske skøyteløparen Denis Juskov (26) som har. For to år sidan fullførde han eit testløp på 3.000 meter, også det i Calcary, på tida 3.34,37.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innsatsen til Pedersen i helga, viser uansett at han er i kjempeform. Ifølgje resultatlista, som skøyteløparen sjølv publiserte på Twitter, kom nederlandske Ted-Jan Bloemen på andreplass med tida 3.37,16, medan Håvard Bøkko vart nummer fire med tida 3.39,02.

Neste helg startar verdscupen i skøyter i Calcary.