Kaldt og surt under fjorårets jentefotballdag. (Begge
Kaldt og surt under fjorårets jentefotballdag. (Begge

Ver rask - påmeldinga startar tysdag

Tysdag 5. april må du vera rask, for då startar påmeldinga til Jentefotballdagen 23. april.

23. april vert Jentefotballdagen arrangert for fjerde gong. Då inntek 250 jenter i alderen 6-10 år krøllgraset på Kuventræ.

- Vi må dessverre seia nei til fleire, men taket er der for å sikra at jentene er trygge og får ei god oppleving, seier primus motor og leiar for arbeidsgruppa, Eirik André Hesthamar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Målet med Jentefotballdagen har vore å få fleire jenter i Os til å byrja å spela fotball.

Sidan oppstarten i 2012, har ein gått frå 8 til heile 26 jentelag i 2016.

- Dette kan vel de i Jentefotballdagen ta litt av æra for?

Primus motor Eirik André Hesthamar har ikkje tenkt å gi seg med det fyrste.
Primus motor Eirik André Hesthamar har ikkje tenkt å gi seg med det fyrste.

- Absolutt. Vi i arbeidsgruppa er engasjert rundt omkring i klubbane. Der består jobben i å sikra oppstart av lag og seriar for alle årsklasser, seier Hesthamar.

Likt for alle

Trebarnsfaren, som har to jenter og ein gut, brenn for at det skal vera like naturleg for jenter å byrja spela fotball, som det i dag er for gutar.

- Skal det startast opp eit gutetilbod ein plass, må det startast opp eit jentetilbod også.

- Er det skilnad på å trena jenter i høve gutar?

- Eg trur det er ein skilnad, men i den alderen vi har fokus på, handlar det mest om å leggja til rette. Kan hende lyt ein fasilitera ekstra for jenter slik at at det vert ein sjølvsagt ting for dei å spela fotball. Ein slik dag er den boosten mange jenter treng for å koma i gang, seier Hesthamar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gratis

Jentefotballdagen er gratis for alle deltakarane. Jentene får gratis mat, kvar sin fotball, armband og T-skjorter. Det heile gjort mogleg av lokale sponsorar.

- Vi har openbert eit godt rykte på oss, for dette er eit produkt folk ynsker å bli assosierte med. Det er veldig kjekt å oppleva for alle oss i arbeidsgruppa, og gjer jobben vår langt enklare.

Gutehandballdagen

- Er gutane litt misunnelege på jentene som har sin eigen dag?

- Det kan jo henda. Men i så fall kjem deira sjanse i september når vi arrangerer Gutehandballdagen. I handball har vi nemleg det motsette problemet, at få gutar byrjar å spela.

- Korleis har Eirik André Hesthamar det dagen derpå, tenkjer han "aldri meir Jentefotballdagen"?

- Eg er nok ganske tømt når dagen er over, så det er kanskje ikkje rette dagen å spørja på. Ansvaret er stort for mange jenter som er veldig unge. Alle skal vera trygge, bli fulgt opp, få mat, ha det kjekt og ikkje enda opp einsame i ein krok.

- Men dette er noko eg brenn for og har lyst til å få til. Så sjølvsagt blir det Jentefotballdag i 2017 også, lovar han.