Vann 5-2 mot Austevoll
- Vi spelar ein veldig god kamp, seier Lysekloster-trenar Ørjan Sandal.
Laurdag ettermiddag tok Lysekloster mot Austevoll i Lyskloster idrettspark.
Joakim Hjelmeland førte heimelaget i leiinga etter 11 minutt. Deretter skåra gjestene to mål på rappen, før Tommy Gaustad og Christer Olsen sørgde for at Lysekloster kunne gå til pause med 3-2-leiing. Skåringane kom etter høvesvis 37 og 44 minutt.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Austevoll er to gongar innanfor 16-meteren i første omgang, og lagar to mål. Konsentrasjonen til spelarane var litt for dårleg, seier Sandal om nettkjenningane til bortelaget.
Møter topplag
Sandal er veldig godt nøgd med at laget hans tek heim sigeren endå ein gang.
- Vi skapar veldig mange gode sjansar på banen. Hadde vi vore litt meir på høgget foran mål så hadde vi fått endå fleire skåringar, trur trenaren.
Neste laurdag møter Lysekloster Øystese på bortebane. Det vert ifølgje Sandal ein veldig tøff kamp.
- Øystese er eit topplag, men målsettinga vår er å vinna.
Når fire kampar gjenstår ligg Lysekloster øvst på tabellen med 56 poeng. Hakk i hæl kjem Sotra med 55 poeng. Deretter er det eit lite sprang ned til Varegg og Øystese som har høvesvis 47 og 42 poeng.