UM-siger til Borgen
Med tangering av persen på 1,91 vart Mons Martin Borgen søndag norsk ungdomsmeister i høgde.
21-åringen har vore nær å vinna UM tidlegare, men har dessverre hatt litt stong-ut.
- Han har vel eit par sølvmedaljar og nokre bronsar, men gullet har han måtte jobba for. Desto betre smaker det når han endeleg får det, seier far og trenar Jan Borgen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Litt hemma
Mons Martin hadde ingen perfekt opplading til ungdomsmeisterskapen i friidrett i Steinkjer-hallen i helga. Likevel gjekk han altså heilt til topps.
- Eg har slite litt med sjukdom og skadar. Mellom anna har eg litt problem med den eine hælen og eit kne. Men eg trur eg er på betringas veg, seier Mons Martin.
Hans personlege rekord er på 1,91 meter. 21-åringens beste resultat i UM var nettopp dette.
- Eg hadde mest av alt lyst på ny personleg rekord, men me får vera nøgde med dette. Ny rekord kan han setja når utandørs-sesongen tek til, seier Mons Martin.
- Kor høgt kan du hoppa denne sesongen?
- Målet er å koma seg over to meter, og gjerne litt til.
- Du er relativt kort av vekst i denne sporten. Hemmar det deg?
- Tja, eg er 1,80 m, og det er nok ingen fordel akkurat. Men eg har klart meg bra så langt. På dette stemnet var eg høgdekonkurransens klart lågaste mann, men var likevel best, ler Mons Martin, før han legg til.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Svenske Stefan Holm er 1,81 m. Han har hoppa 2,40 og vunne OL-gull. Alt er mogleg.
God laginnsats
Totalt fire osingar var i aksjon i UM i Steinkjer. I tillegg til Mons Martin gjorde også Andreas Mowinckel Nilsen, Sondre Herrevold og Snorre Hjelm Sørstrønen ein flott innsats.
- Sondre hoppa også høgde. Han konkurrerte i klassen for gutar 18-19-år. Her tok han ein flott sjetteplass med eit bestehopp på 1,70 m, fortel trenar Borgen.
Andreas og Mons Martin sprang også 60 meter. Med tida 7,52 vart Andreas nummer fire i sitt heat.
Mons Martin vart nummer fem i sitt heat med tida 7,48.
Snorre enda på 19. plass i sitt heat på 800 meter. Han sprang på 2,20,14, som er noko bak hans eigen personlege rekord på distansen.
- Kvartetten tok også ein femteplass i sitt heat på 4 x 200 meter stafett. Me var oppe i teten på andreetappe, men fall litt av mot slutten. Uansett var det god innsats, skryter trenar Borgen.
Opningsstemne
No trenar friidrettsgutane og resten av medlemene i friidrettsgruppa til Os Turn til opningsstemnet på den nye, flotte friidrettsbanen på Kuventræ. Dette blir detandre stemnet dei arrangerer etter at anlegget vart offisielt opna i fjor haust.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det gler me oss veldig til. Laurdag 30. april og søndag 1. mai vert det nasjonalt friidrettsstemne på Kuventræ. Me reknar med at det vert godt med deltakarar frå heile landet, og sjølve skal me vera godt førebudde og hevda oss godt på heimebane, konstaterer Borgen.