Turid første krinsmeister
Nyleg var sonen første deltakar i NM. I helga vart Turid Rognsvåg Os orienteringsklubbs første krinsmeister
Det er Rognsvåg-famliien som fører an når det kjem til å fronta Os orienteringsklubb i konkurransesamanheng denne våren.
I starten av mai var Espen Rognsvåg den første frå Os Ok som deltok i eit NM då han vart nummer 16 i sprint-NM i Bergen.
Artikkelen held fram under annonsen.
No i helga var det mor Turid sin tur til å bli historisk.
Ho skreiv historie ved å bli den første i klubben som vart krinsmeister.
Langdistanse-KM
Krinsmeisterskapen i langdistanse gjekk av stabelen på Fanafjellet laurdag. Totalt stilte 163 utøvarar. Os Ok hadde sju utøvarar i aksjon.
Turid Rognsvåg gjekk i leiinga på langstrekket (1.850 meter) og kjempa deretter ein tøff kamp med Lise Christensen frå TIF-Viking. Men mot slutten var Os Ok-løparen klart sterkast og vann til slutt klassen med 35 sekunds margin ned til nemnde Christensen.
Blant andre Os Ok-deltakarar må det nemnast at Matias Pontioppidan sprang inn til ein flott fjerdeplass og vart premiert for det i klassen gutar 13-14 år.
Marie Herigstad i D70 og Andreas Berge, som sprang open klasse, gjorde også gode løp.