- Trudde ikkje det kunne skje

Det seier den ferske LS-vinnaren Sofie Evensen (13).

Vidar Alfarnes

Frilans

Artikkelen held fram under annonsen.

Os skyttarlag feira torsdag det som må vera ein av dei absolutt største dagane i klubben si rike historie. For familien Evensen tok det fullstendig av.

På førehand var det Amalie som hadde imponert aller mest. Difor låg ho også på skive 1 i det siste laget i klasse eldre rekrutt.

- Eg kjente det på prøveskota, men fekk roa pulsen når alvoret starta, sa 15-åringen etter fullført finaleskyting.

Med heile åtte innertiarar måtte ho likevel sjå seg slått av Anita Bjørkedal frå Sotra. Denne gongen var det ho som prikka samtlege finaleskot innanfor 10,5 eller betre. Tre andre skyttarar klarte ni innertreff. Men Amalie vart til slutt nummer 5, og fekk for første gong den høgthengande ungdomsmedaljen.

- Det er eg sjølvsagt veldig nøgd med, smilte den første Os-skyttaren på ein LS-finale sidan Jarle Kvalvik i 1984.

Eksploderte

Der og då var stemninga i den store Os-kontingenten svært god. Men det var før veslesøstera rekrutt Sofie (13) slo til med 100 på sin finalerunde. Då eksploderte alt. Men ho hadde «berre» 249 med seg til finalen, og tenkte nok ikkje at det ville senda henne heilt til topps. Men det utrulege skjedde at samtlege med 250 poeng mista minst eitt på finaleskota sine. Med sju inertiarar var det til slutt 13-åringen frå Os som kunne jubla. Eller storgrina, som faktum var. Dette blei rett og slett for sterkt for ungjenta.

- Eg har drøymt om at eg skal vinna LS. Men eg trudde ikkje det kunne skje i dag. Dette var berre fantastisk overraskande, smilte Os-helten gjennom tårevåte auge.

Redda seg inn

V55-skyttar Arvid Austefjord som skaut seg opp frå 14. til 4. plass sa dette er finalen:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg var litt skeiv til venstre, men redda meg inn med ei god samling. For meg er dette det klart største eg har opplevd i LS samanheng. Då kan ein vel ikkje forventa meir.