Trenar nær dobbelt så mykje
2016 kan bli sesongen då Gudmund Snilstveit endeleg kjem seg til VM. - Det skal i alle høve ikkje stå på innsatsen, seier 33-åringen
Med ny trenar og eit strengt og knalhardt treningsprogram håpar Vinnes-karen å skaffa seg nok VM-poeng til å kvalifisera seg til VM på Hawaii i oktober. Men det er mykje som skal klaffa for at han skal lukkast.
- Det er ubønnhørleg å driva med ironman. Ein miss i ein konkurranse, ein punktering eller eit litt for svak konkurranse, så er VM-håpet ute. Det er ikkje som i langrenn eller på skeiser der det kjem ein ny konkurranse dagen etter, seier Gudmund.
Artikkelen held fram under annonsen.
God transport-trening
Me møter han på veg til Osbadet og under symjetreninga der. Eller det vil seia, me møter han knapt. Eit par setningar her og der er ikkje nok til å byggja eit heilt intervju på. Resten må me ta over telefon.
For å få mest mogleg ut av dagen driv Gudmund det han kallar transport-trening. Det vil seia at når han skal til og frå jobb på Frank Mohn, så spring han. Då me hang oss på i veka som var, skulle han altså til Os-badet.
Å fotografera han på veg til treninga var ingen enkel jobb.
- Kvar vart du av? Eg såg etter deg på Hatvik-vegen, men du var søkk borte?
- Åh, ja eg sprang hesteløypa på nedsida av Moldegaard - mykje betre det enn å springa i all eksosen, ler han.
- Men ved Osbrua kom du heller ikkje?
- Nei, då sprang eg ned og tok gamlebrua i staden.
Då eg heller ikkje fekk fanga han oppe ved Rema 1000 ved Idrettsvegen, var det berre ein sjanse i gjen. Det var å venta på han ved Osbadet.
Artikkelen held fram under annonsen.
40 minutt etter at ferja var lagt til Hatvik kai kjem Gudmund springande frå Kuven-sida.
- Eg sprang opp Kuven-bakken og forbi garden der. Mykje finare natur, ler Gudmund og skjønar at han totalt har finta ut fotografen.
Viktig Osbadet-trening
I mange år sumde Gudmund fast i Osbadet. No er det ein stund sidan han har vore der. Truleg må han leggja mange turar til bassenget i Os dei neste månadane.
- Eg har trena ein del i 12-meters-bassenget på Framo, men det vert for kort. Ein blir jo heilt svimmel av alle vendingane, ler han.
I Osbadet har Snilstveit alltid vore velkomen. Tidlegare var fusingen sponsa av badet. Etter ein god prat denne veka ser det ut til at det gode samarbeidet held fram.
- Det er ikkje lett å driva halvproffesjonelt. Alt kostar pengar, reisar og utstyr...og så må ein jobba for å få kabalen til å gå opp. Då hjelper det godt å få gratis svømmetilbod i eit anlegg som dette, seier Snilstveit.
Onsdag køyrde han ein relativt roleg økt på til saman 2.900 meter. Etter det var det å springa tilbak til Hatvik og springa vidare heim til Venjaneset.
Treng 3.500 poeng
Etter fjorårets flotte innsats i Wales, der Gudmund enda som fjerdemann, står fusingen alt med 1.000 VM-poeng. For å få VM-billett må han ha kring 3.500 poeng.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me har lagt opp eit program der det skal vera mogleg å sanka nok poeng, men i ironman-sporten treng ein godt med restitusjon mellom konkurransane, så det er ikkje berre å kasta seg rundt å delta i ein annan konkurranse dersom ein misslukkast i den første. Gjer ein liten feil, så er VM-turen gjerne ein saga blott, understreker Snilstveit.
- Men du meiner at du har ein sjanse?
- Jauda, dersom alt klaffar, kan det gå. No skal eg først delta i ein C-rangert konkurranse i Taiwan etter pås-ke. Der kan eg ta inntil 500 poeng. Deretter er ironman Texas i USA 14. mai det store målet. Det er ein A-rangert konkurranse der ein kan skaffa seg inntil 4.000 poeng. Ein god plassering der vil sjølvsagt vera til stor hjelp, seier Gudmund.
Elles har han naturleg nok planar om å delta i halvironman i Haugesund i slutten av juli, pluss eventuelt om det trengs, ein fulldistanse i Sverige seint på sommaren.
- Eg håpar eg alt har gjort jobben så eg slepp å konkurrera i Sverige. Dersom eg skal gjera det bra i VM må eg ha ein god oppkøyring, seier 33-åringen.
God trenar
Snilstveit har vore sin eigen trenar i årevis. Like før Wales-konkurransen i fjor vart han tilknytt triathlon-trenar Olav Aleksander Bu. Det har gjort susen.
- Det første eg fekk forståing av var at eg ikkje trena nok. Det har me verkeleg gjort noko med. Det siste halvåret har eg nær dobbla dosane, fortel Snilstveit.
- Så du føler deg sterkare no?
Artikkelen held fram under annonsen.
- I dag føler eg meg sterk, men hadde du spurt for ei veke sidan, hadde sagt at eg var nær ved å leggja opp. Det er så hardt, ser du, ler Snilstveit galgenhumoristisk.
Sist helg var Gudmund på treningssamling i Os.
- Olav er også trenar for osingen Katinka Berg, så han kom til Os for å køyra litt testar på oss. Med på sam-linga var også Kari Flottorp Lingsom. Det var både sosial og kjekt å trena i lag med andre. Absolutt noko eg kan gjera igjen, seier han.
- Kva meir har samarbeidet med trenaren ført med seg?
- Eg vert godt følgd opp med tanke på testing. Då me var i lag i Os var det full laktose-testing. Ikkje spør meg kva det er godt for, men ifølgje Olav var resultata mine i alle høve knusgode, seier han.
Tek det på sparket
Snilstveit er også klar for nye arenaer denne våren. Søndag 3. april skal han halda føredrag i Stavanger.
- Huff, ja, ikkje minn meg på det. Eg er ikkje all verda glad i slikt, men me er fleire triathlon-folk som skal prata, så det er heldigvis ikkje berre meg.
- Kva skal du prata om?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Nei, det har eg ikkje aning om. Det er i samband med Trikonferansen og temaet er triathlon. Eg skal alltid ha noko å bidra med, men eg gidd ikkje førebu meg. Då vert eg berre nervøs, ler Snilstveit.