Felipe Molina og Gitle Snilstveit gjorde det sterkt under triathlon-konkurransen i Øygarden søndag. (Privat foto)
Felipe Molina og Gitle Snilstveit gjorde det sterkt under triathlon-konkurransen i Øygarden søndag. (Privat foto)

Tredjeplass i debuten

Felipe Molina imponerte stort då han i helga vart nummer tre i Coastman Norway på Sotra.

Over 30 deltakarar stilte til start i den den knallharde triathlon-tevlinga i Øygarden søndag. Berre 24 av dei fullførte og fekk teljande resultat. To av dei var fusingane Gitle Snilstveit og Felipe Molina.

- Det var svært tøffe tilhøve med sterk vind og regn. Vinden baud på store utfordringar, spesielt på sykkeldelen, fortel Felipe Molina.

Artikkelen held fram under annonsen.

Første heildistanse

Felipe Molina har drive med triathlon nokre år, men har aldri tidlegare fullført ei tilsvarande tevling som i helga.

- Det var mentalt tøft og utmattande. Spesielt grunna dei tøffe tilhøva. Etter løpet høyrde eg om ein kar som hadde fullført sju Norseman-tevlingar, men ikkje klarte å fullføra dette. Det seier litt, seier Molina.

Sjølv takla han utfordringane med å ta "eit stykke" om gongen.

- Reint mentalt er dette det tøffaste løpet eg har vore gjennom. På sykkeldelen vart det enormt tungt med all motvinden, og ein måtte ikkje gå i fella å tenkja for langt fram. Eg tenkte berre kilometer for kilometer, fortel 35-åringen.

Etter den 3.800 meter lange symjedelen låg han som nummer fire. Etter dei 180 km med sykling var han nummer to. Etter 42,2 km med springing mellom Rong og Vik enda fusingen altså som nummer tre.

- Eg vart sprunge forbi av ein utøver, men eg var berre eitt og eit halvt minutt bak han i mål. Uansett er eg strålande nøgd med tredjeplass, konkluderer Molina.

Han noterte seg for tida 10.39,06.

Sterk sjetteplass

Gitle Snilstveit gjorde tevlinga i Øygarden unna på 11.05,32. Det er langt bak rekorden hans på vel 10 timar og 16 minutt, men fusingen er likevel godt nøgd med innsatsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Konkurransen på søndag kan ikkje samanliknast med andre triathlon-tevlingar eg har vore med på. Til det var tilhøva alt for dårleg. Alt i alt er utruleg nøgd. Eg gav alt og gjorde det så bra at dei tok meg med på dopingtesten. Det er jo eit kvalitetsstempel i seg sjølv, ler Gitle Snilstveit.

Os Triathlon

Det neste for triathlon-utøvarane frå Fusa Sykkel er Os Triathlon søndag 6. september. I fjorårets konkurranse gjekk Felipe Molina til topps i amatørklassen. Den plasseringen har han tenkt å forsvara.

- Nett no er ikkje beina mykje tess. Eg kjenner meg bra mør, men eg satsar på å vera fit for fight til konkurransen om vel tre veker, seier Molina.

Knallsterk sykling

Også Gudmund Snilstveit var med på Sotra. Han deltok i stafettdelen av Costman Norway søndag. Fusingen fiksa sykkeldelen på meisterleg vis, men ettersom lagkameraten som skulle ta seg av løpinga vart skadd, fekk laget til Gudmund ingen resultat.

Gudmund kunne likevel seia seg godt nøgd med å ha sykla dei 180 km best av samtlege deltakarar. Faktisk var han 57 minutt raskare enn den nest raskaste.

Det neste for Gudmund er ironman i Wales søndag 13. september.