Tre klassesigrar i Løvstakken opp
Geir Skaten, Klas Færøvik og Andreas Størkson vann kvar sin klassesiger i Løvstakken opp. Opptur-gjengen tok også to andreplassar og ein tredjeplass.
Totalt 1.300 bakkeløparar/mosjonistar tok seg til toppen av det 477 meter høge Løvstakkenfjellet i Bergen laurdag. I konkurranseklassen stilte nærmare 400 - 13 av desse var frå Opptur Motbakkeklubb i Bergen.
- Me markerte oss veldig godt. Alle gjorde gode løp, og ekstra gledeleg var det at våre yngre løparar verkeleg nådde opp på resultatlistene, fortel Klas Færøvik.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han tenkjer då spesielt på to.
- Andreas Størkson var råsterk i dag. Han sprang opp på 17,22. Det heldt til klassesiger i 14-årsklassen. På andreplass følgde Eirik Vaktskjold med tida 18,29. Også han er frå vår klubb, fortel Færøvik.
Han legg til at begge to er store talent.
- Andreas har berre konkurrert ei kort stund. Like fullt er han no blant Hordalands beste. Eirik kjem sterkare for kvart løp. I dag slo han til og med far sin, Trond Inge Nilsen, som normalt er ein veldig bra løpar, men som ikkje heilt hadde dagen i dag, seier Færøvik.
Passande løp
Sjølv sprang Færøvik opp på 16,49, ei tid som er ei solid forbetring av hans gamle rekord.
- Det er utruleg godt å sjå at ein får betalt for all treninga ein gjer. Det var kjempekjekt å springa i Bergen i dag, og løypa, med 400 stigningsmeter fordelt over to kilometer, passar meg svært godt - langt betre enn vår eigen Linken Opptur, som vert i brattaste laget for meg, seier Færøvik.
I sin klasse - menn 45-49 år, fekk Kjetil Styrvoll tredjeplass med tida 17,58.
Marianne Flister tok andreplass i klassen for kvinner 40-44 år. Ho sprang på tida 21,45.
Artikkelen held fram under annonsen.
Solid klassesigar
Raskast av osingane også denne helga var Geir Skaten. 42-åringen nådde toppen på det nær halvmil høge fjellet på sterke 15,11. Det heldt til soleklar siger i klassen for menn 40-44 år.
I sammandraget vart Skaten nummer ni.
Aller raskast av samtlege var Stian Øvergaard Aarvik.