Brørne Preben (19), Eric (17) og Tommy (26) var alle med på opprykk med sine fotball-lag denne hausten. (Privat foto)
Brørne Preben (19), Eric (17) og Tommy (26) var alle med på opprykk med sine fotball-lag denne hausten. (Privat foto)

Tre brødre, tre opprykk

Brørne Tommy, Preben og Eric Skorpen har all grunn til å vera nøgde med årets fotballsesong. Alle rykte opp.

Eldstemann Tommy og Søfteland A-lag varførst ute med å sikra opprykket. Alt i slutten av september var dei grøne og kvit-stripa klare for opprykk til 5. divisjon, etter at Kalandseid slo deira argaste tabelltopp-rival, Loddefjord.

- Det var så herleg og så forbaska fortent. Me har vel banka på 5. divisjonsdøra i fem-seks år. Då var det greitt at me gjorde det suverent og sikra opprykket tre rundar før slutt no i 2015, seier Tommy.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gullår

26-åringen karakteriserer årets sesong som eit gullår for Søfteland, familien Skorpen, for store deler av Os og for Bergen.

- Brann rykte jo opp også, så dette er berre gull, ler Tommy.

Andremann ut i opprykksfamilien var minstebror Eric (17).Då hans lag, Os 2, slo Baune 2 borte søndag 4. oktober var andrelaget frå Kuventræ sikra opprykk til 4. divisjon.

- Det var stas for Eric. Han har vore litt ut og inn på laget, men var så absolutt delaktig og fortener ros for innsatsen med laget sitt, seier Tommy.

Gullåret vart krona på laurdag, då nest eldstemann, Preben i lag medLysekloster A-lag sikra opprykk til 2. divisjon.

- Då Lysekloster slo Bjarg 3-1 i siste kamp, var sesongen fullendt og vellukka frå start til mål. Og me er veldig stolte over Preben som trass alt er den som har avansert høgst i divisjonssystemet, seier Tommy.

Fekk opprykksmiddag

Søndag feira familien dei tre opprykka med opprykksmiddag på Halhjem Kjøkken. Rekninga tok pappa Øyvind og mamma Iren.

- Eg trur dei må vera blant dei mest ivrige fotballtilskodarane i Os. Pappa er jo i olja, så han har gyldig fråvær av og til, men mamma har vel sett samtlege kampar der eg og brørne mine har vore i aksjon sidan me starta å spela. Ho er rett og slett rå på å få med seg kampar, humrar Tommy.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saman for Søfteland

Etter alt å døma blir dei tre brørne verande i sine noverande klubbar også neste sesong. Men på sikt håpar eldsteblad Skorpen at dei saman kan ikle seg den tøffe grøne og kvitstripa drakta til Søfteland.

- Det er jo søftelendingar me er alle mann. No er eg 26 år, så eg har ein god del år igjen, men når eg nærmar meg tampen av karrieren, så får Preben og Eric koma tilbake, så me for oppleva å springa saman ut på STILvoll. Det vil jo berre vera episk, ler Tommy.

Lokal KM-finale?

Fredag spelte Søfteland semifinale i KM for 6. divisjon heime mot Øystese 2. Etter 6-3-siger er søftelendingane no klare for KM-finale.

Dersom Nore Neset A-lag vinn sin semifinale borte mot Kvernbit vert det lokal KM-finale i Os.