Tonje viste musklar
Jentene i Os skyttarlag hadde full kontroll på konkurrentane sine under den årlege samlagsmeisterskapen i miniatyrskyting. Tonje Gorm-Hansen Tøsdal viste musklar og gjekk heilt til topps i Klasse 1.
I år var det Os som arrangerte stemnet. Det var i overkant av 200 utøvarar som gjennomførte stemnet. Dette er eit svært høgt tal i samlagsregi. Gledeleg er det også at heile 25 "nybegynnar ungdom"-utøvarar deltok. Av desse var det 18 frå Os.
Mange flotte resultat blei levert av ungdommen, men av omsyn til alder er det ikkje lov å rangera desse skyttarane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Følgende resultat blei levert i dei øvrige klassane i samlagsstemnet på Ulven (utdrag av listene).
Dobbelsiger
Sofia Dale (klasse rekrutt, 11-13 år) har levert gode treningsresultat og fleire gode stemne gjennom vinteren, så kvifor ikkje gjera det ein gong til no som stemnet var på heimebane og i kjente omgjevnader?
Ho presterte 246 poeng (max 250) på innleiande skyting og 98 poeng (max 100) i omgangsskytinga, og stoppa dermed på 344 poeng, fire poeng foran vår eigen Celine Daviknes Hårvik. Dobbelsiger til Os her, altså!
Daniel Myklebust Fjellstad stoppa på 331 poeng og ein 7. plass, Maren Evensen fekk 318 poeng og enda på ein 11. plass, Adelheid Røttingen Møller oppnådde 315 poeng og hamna på 12. plass og Jonas Håland frå Hålandsdal/ Eikelandsfjorden hamna på 308 poeng. Det heldt til ein flott 13. plass.
I ein klasse for seg
Sofie Evensen (eldre rekrutt, 14-15 år) var i ein klasse for seg sjølv med 345 poeng. Ho hamna to poeng føre Kyrre Haugland som har fått dreisen på liggjande-skytinga si etter ein litt trøblete haust. Også her blei det altså dobbeltseier!
Frå 342 poeng var det tett som hagl. Her måtte skyttarane målast på tal innertreff. Hadde Gaute Eide Bergstø og Aleksander Ronæs fått nokre innertreff til, ville Os hatt fire av fire i toppen. Olav Opheim og Jakob Flølo, begge fra Strandvik hamna på høvesvis 15. og 16. plass i dette stemnet.
Stong ut
Amalie Evensen (junior (16-17 år) hadde ei litt stong ut-oppleving under samlagsstemnet. Ho landa likevel på gode 345 poeng. Her måtte det også teljast innertreff og då fall Amalie utanfor pallen. Sander Nesbø Sælensminde frå Bergen blei samlagsmeister. Markus Andreas Aadland gjennomførte 15 skot nesten prikkfritt, men med litt stong ut på grunnlaget missa han litt for mykje og fekk tilslutt 343. Heile 20 innertreff av 35 skudd er likevel imponerande.
Helene Ure Skjønberg missa litt på si kneskyting og fall dermed litt ned på lista med 337 poeng. Dei nye juniorskyttarane til Os; Mats Øvredal (332 p), Emmie Berit White-Simonsen (327 p), Andrine Måge Lothe og Lena Lekven Ellefseth - begge 324 poeng, har verkeleg løfta seg skikkeleg berre på nokre månader. Det skal nemnast at dei fire siste har skote kne berre nokre få månader.
Artikkelen held fram under annonsen.
Innertreffa skilde
Reidar Dahle (veteran 73 år) kunne teke sigeren heim om han hadde vore litt rolegare med avtrekka sine. Han fekk same poengsum som ein tidlegare Os-skyttar, Oddbjørn Lekven, som skaut 347 poeng. Men også her var det innertreffa som skilde dei beste. Oddbjørn fikk 16 innerblinkar og Reidar 14. Dermed gjekk sigeren til Oddbjørn.
Oddvar Eikemo har slitt litt med liggjestillinga si i vinter og hamna på 10. plass etterfølgd av Else Eidsvik på 12. plass med 343 og Odd Gorm-Hansen på 13. plass med 342 poeng.
Viste musklar
Einaste representant frå Os i Klasse 1 var Tonje Gorm-Hansen Tøsdal, men kva gjer vel det? Ho viste musklar mot alle konkurrentane og slo til med svært gode 249 poeng, heile 4 poeng meir enn andreplassen.
I Klasse 2 hadde Os tre skyttarar med; Tommy Gorm-Hansen Tøsdal med 342 poeng og ein fin 2. plass, Rune Hatlestad med 331 poeng (8. plass) og Alice Evensen med 324 poeng (11. plass).
I Klasse 3 - 5 hadde Os nokre av seniorane sine i gang på banen, utan at det blei levert toppresultat. Beste osing blei Helge Eidsvik med 336 og ein 22. plass, tett etterfølgd av Geir-Wiggo Dale også han med 336, men med færre innertreff. Han kom på 25. plass.
Trekløveret frå Os i Klasse V55 - Oddvar Drange, Arvid Austefjord og Tor Egil Gjerde - hadde ikkje dagen. Vanligvis så treffsikre Arvid fekk 336 poeng, akkurat slått av Oddvar Drange. Tor Egil fekk ein dårleg kneserie og dette øydela alt for den ellers så optimistiske osingen. Berge Legland fra Strandvik redda regionens omdøme med 343 poeng og ein flott 3. plass, berre slått av Alf Høysæter fra Tysse med 345 og 14 innertreff og Johannes Seim frå nettopp Seim, også han med 345 poeng, men éin innertreff meir enn Alf.
Os skyttarlag