Joakim Sælen er no den einaste utøvaren som har vunne Ulvenmarsjen fem år på rad.
Joakim Sælen er no den einaste utøvaren som har vunne Ulvenmarsjen fem år på rad.

Tok sin femte siger på rad

Joakim Sælen tronar no åleine på adelstoppen som einaste utøvar som har vunne Ulvenmarsjen fem gonger på rad.

Han fekk ikkje særleg konkurranse søndag heller, men tida TIF Viking-utøvaren gjer Ulvenmarsjen unna på er berre å lata seg imponera over. 1.09,14 på den litt lengre versjonen av Ulvenmarsjen (15 km) er rimeleg raskt, sjølv om han for eigen del karakteriserte konkurransen som ei grei treningsøkt.

Den einaste utøvaren som er i nærleiken av å ha vunne konkurranseklassen like mange gonger som Joakim, er STIL-legenda Erling Andersen. Han har vunne fire gonger.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Til mitt forsvar må eg seia at eg dei fleste åra har vore for travelt oppteken med å arrangera til å rekkja å konkurrera, uttalar Andersen.

Ny eldste-deltakar

Dei seks siste åra har Lotte Lise Scheie vore eldste deltakar i Ulvenmarsjen. Etter at ho no er gått bort, vart Bjørn Helgesen årets eldste deltakar. Han er 85,5 år.

Elles var det fleire som fekk utmerking for god deltaking dei siste åra: Julia Elisabeth Hauge fekk for 30 år på rad. Per Arne Vaktdal fekk for 25 år på rad, Victoria Alice F. Brurås for 20 år på rad, Rigmor Torget og Arthur Lillefosse for 10 år på rad og Berit Haukeland og Reimund Lunde for 25 år totalt.

Oppgåveløysingar

Begge dagar vart det stilt seks spørsmål. Her er svara:

Laurdag:

1. Osbanens største lokomotiv gjekk under namnet BALDWIN.

2. 1988 var første året med kunnskapskonkurranse i Ulvenmarsen.

3. Det var 52 lyktestolpar langs vegen mellom spørsmål 2 og 3

Artikkelen held fram under annonsen.

4. Det var 12 sider i Ulvenmarsjavisa i 2015.

5. Mor til Ole, Dole og Doffen heiter Della Duck.

6. Os postkontor vart nedlagt 17. mars 2014.

Søndag:

1. Osbanens første lokomotiv skulle eigentleg heita Stend.

2. Mor til Donald Duck heiter Lillegull McDuck.

3. Av dei 52 lysstolpane mellom spørsmål 2 og 3 var 9 laga av tre.

4. Bilfelgen vog 8,1 kg.

Artikkelen held fram under annonsen.

5. Det var Kiwi Moberg som spanderte saft og appelsinar på deltakarane i årets Ulvenmarsj.

6. 5,74 er kvadratrota av tverrsummen av mobiltelefonnummeret til Erling Andersen.