Tok sin andre medalje på lag
Sverre Lunde Pedersen har gjort unna to solide løp i VM i enkeltdistansar i Sør-Korea. Fredag vart det bronse på lagtempoen. I morgon er osingen klar for 1.500 meter.
Trass i eit svært godt løp på 5.000 m med 6,15,77 på ein låglandsbane vart det plasseringsmessig "berre" ein sjetteplass på Sverre. I går vart det derimot medalje.
Noreg gjekk i par mot Nederland og heldt lenge følgje, men som med Sverre sine enkeltløp vart det også litt tungt for det norske laget på siste runden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Simen Spieler Nilsen, Sindre Henriksen og Sverre Lunde Pedersen klokka inn til 3,41,60. Med det slo dei Kanada med 8 hundredeler. Dermed vart det bronse.
Nederland vann på tida 3,40,66, medan New Zeland, anført av sterke Peter Michael, tok sølvet på tida 3,14,08.
- Eg er svært nøgd med resultatet. Eg trur aldri me har vore nærmare det vinnande laget i lagtempo, sa Sverre til pressa etter løpet.
Han var med å ta sølv i lagtempoen i fjorårets VM.
Mange om beinet
Søndag avsluttar osingen meisterskapen i Sør-Korea med 1.500 m. For 24-åringen er det så absolutt ein bra sjanse til å ta medalje, men det er det for ein del andre også.
- 1.500 er på mange måter favorittdistansen min, men det etter kvart blitt favorittdistansen til svært mange andre også. Det er mange om beinet som kan ta medalje i denne konkurransen, sa Sverre då Os og Fusaposten prata med han om dette løpet før avreise.