Tok brodden av Brodd
Os fekk revansje over Brodd etter 2-1-tapet på Kuventræ i vår. Stian Lunde skåra kampens einaste mål.
Sommarferien, og nye fjes i stallen, ser ut til å ha gjort underverk for Os. I vår vann dei ikkje ein einaste bortekamp. I dag tok dei sin tredje strake bortesiger, og står med 18 av 18 moglege poeng etter ferien.
- Kampen vart prega av vinden
Kampens einaste mål kom kort tid ut i andreomgang. Eit innlegg frå Knut Haga fann Stian Lunde i feltet, som stanga inn 1-0 for Os.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Kampen vart prega av mykje vind. Det vart lite spel og mykje langpasningar, seier Os-mann Terje Kvittingen og held fram:
- Førsteomgang var jamn, med berre ein skikkeleg målsjanse. I andre omgang var Os mykje betre enn Brodd, og me kunne fort vunne med fleire mål.
Laget som starta: Andrew Todd, Glenn Krossøy, Adrian Valle, Torkel Hjertnes, Endre Brenne, Rafael Villen, Hassan El Fakiri, Erik Kanestrøm, Marius Mikkelsen, Emil Halver og Stian Lunde.
Innbyttarar med speletid: Knut Haga, Håkon Kvittingen og Sander Kvittingen.