To sølvmedaljar til Odin Hjelm Sørstrønen
Sist helg var 5 utøvarar frå Os Roklubb i Stavanger for å delta i NM og Stokkavannsregattaen. Odin Hjelm Sørstrønen imponerte med to sølvmedaljar.
Benjamin Søgnen Olsen
Artikkelen held fram under annonsen.
Benjamin@osogfusa.no
Stokkavannsregattaen er for utøvarar i junior B og C, medan NM er for utøvarar i junior A og seniorklassen. Os Roklubb hadde med ein junior B-utøvar, Hjelm Sørstrønen. Han rodde i singelsculler begge dagar. Laurdag rodde han 1000 m og søndag 1500 m. To gode løp gjorde at han stod at med to sølvmedaljar.
Tevla mot Olaf Tufte
I seniorklassen, som var NM-løp, stilte Os Roklubb i singelsculler (1x), dobbelsculler (2x) og dobbelfirar (4x). Mattias Haugland og Erling Øyasæter rodde i 1x og 2x. Her møtte dei mange av landslagsroarane, som Olaf Tufte og Kjetil Borch.
I singelsculler rauk Mattias ut i kvalifiseringa, medan Erling kvalifiserte seg til semifinalen. Han rauk diverre ut i semifinalen og blei til slutt nr 10 av 21 utøvarar i 1x. Denne klassen blei vunnen av Olaf Tufte som òg fekk kongepokalen.
Fin fjerdeplass
I 2x var det 9 båtar med. Her klarte Mattias og Erling å kvalifisere seg til A-finalen, der dei til slutt vart nr. 4, berre 7,5 sekund bak bronsemedaljen. Gutane var i følgje rapportane nøgde med resultatet, og øynar håp om medalje neste år. Dette løpet blei vunne suverent av Olaf Tufte og Kjetil Borch frå Horten.
Nok ein fjerdeplass
I dobbelfirar stilte Os Roklubb med Haugland og Øyasæter, som hadde med seg Oddbjørn Gjerde og Fridtjof Øyasæter, som var aktive i Os Roklubb for 7 - 8 år sidan. Dei er begge busette i Stavanger, men har vore heime i Os fleire helger i forkant av NM for å trena. Med dette som utgangspunkt var dei fire utøvarane godt nøgde med å ta ein fjerdeplass i Stavanger i heat med fem 4x-båtar.