Ariel Braathen sette ny personleg rekord på 100 m bryst med tida 1,11,09 i AdO Arena i Bergen i helga.
Ariel Braathen sette ny personleg rekord på 100 m bryst med tida 1,11,09 i AdO Arena i Bergen i helga.

To sølv i Bergen Swim Festival

Ariel Braathen er midt i ein tung opptreningsperiode til EM. Likevel sumde ho inn til to sølv i Bergen Swim Festival.

I helga var dei beste symjarane i landet, samt ein del utanlandske i aksjon i Bergen Swim Festival i Ado Arena i Bergen. På plass var også Ariel Braathen. 16-åringen frå Os hadde ikkje gjort noko for å toppa forma inn mot stemnet, men leverte likevel fleire sterke resultat.

- Høgdepunktet for Ariel var nok at ho på to 100-meterer bryst-øvingar noterte seg for så sterke tider som 1,11,09 og 1,11,12. Bestetida var ny pers med kring halvtanna sekund, fortel pappa Bjørn Braathen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han legg til at Ariel har som mål å symja ned mot 1,10 om ikkje lenge.

- Ho er veldig sugen på å ta noregsrekorden for junior. Den er på 1,10,78, seier Bjørn.

Junior-gull

I 50-metersbassenget på Nygårdstangen deltok Ariel på 50, 100 og 200 m bryst. I juniorklassen gjekk ho heilt til topps på 100 m. På same distanse, samt 50 m vart det sølv i seniorklassen.

- På 200 m har ho litt å gå på. Dette er ei olympisk øving som krev ein annan frikvens enn på 100 m og 50 m. Ho sumde distansen på 2,36,68, og viste med det at ho har teke nokre steg, sjølv om ho meinte å ha meir å gå på, fortel pappa Bjørn.

Til Barcelona

Etter tre dager med fullt program i AdO Arena reiste Ariel måndag morgon på landslagssamling til Barcelona. Der skal ho vera i 14 dagar. Deretter skal ho vera heime i fire dagar og eventuelt gjera unna munnleg eksamen, før ho reiser til European Olypic Games i Baku i Azerbaijan, som altså er EM for junior.