To sigrar til Dahle

Fleire skyttarar frå Os Skyttarlag var i aksjon på ulike arenaer i helga. Best gjekk det for V65-skyttar Reidar Dahle. Ikkje berre gjekk han til topps både i Fana og på Voss. Os-veteranen skaut 350 poeng begge plassar.

I Fana var 33 osingar i aksjon. 22 av dei var rekrutteringsskyttarar. Her gjorde Amalie Evensen det bra med 348 poeng og niandeplass i ER-klassen. Sofia Dale vart nummer fem i R-klassen.Blant seniorane tok Geir Wiggo Dale ein femteplass med 344 poeng. Arvid Austefjord vart nummer tre i klasse V55 med 342 poeng.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Osstemnet gjekk John Olav Ågotnes frå Sartor SK til topps i kl 3-5 med 347 poeng. Harald Grytås frå Osterøy vann V55-klassen med same poengsum.

342 som beste

Tre osingar var i aksjon i Noregscupen i Trøndelag. Korkje Øystein Haugland, Geir Wiggo Dale eller Jan Kristian Evensen nådde heilt opp. Best gjekk det for Geir Wiggo og Øystein som noterte seg for 342 poeng på Byneset.