Tilbake der dei høyrer heime – på toppen av pallen
Anders Mol og Christian Sørum stortrivst i Gstaad. For andre året på rad vann dei turneringa i Sveits.
Førre helg måtte den norske duoen ta til takke med bronsefinale i VM, og Sørum sa i intervjuet etter finalesigeren i Sveits at det har vore tøft i tida etter turneringa i Hamburg.
– Men vi har jobba hardt og forberedt oss godt før kvar kamp her, sa han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Blant dei største turneringane
I Gstaad var dei to unge herrane i storform. I Puljespelet vann dei begge kampane, då var det sveitsiske Quentin Mètral/Yves Haussener, og russiske Nikita Ljamin/Taras Myskiv som blei nokre nummer for små.
I åttandedelsfinalen slo dei amerikanarane Jacob Gibb/Tyler Crabb, før brasilianarane Guto/Saymon blei slått ut i kvartfinalen. I semifinalen venta eit anna brasiliansk par i Oscar Schmidt og Evandro Goncalves Oliveira. Etter to sett (21-18 og 21-14), var Mol og Sørum klare for finalen mot Brouwer/Meeuwsen. Nederlendarane klarte til tider å halda følgje, men Mol og Sørum vann etter to sett (21-17 og 21–15). Femstjernersturneringa i Gstaad er blant dei største og prestisjetunge ein kan vinna i sandvolleyball.