Til topps på Voss handballcup
Nore Neset sitt J13-lag fekk den best tenkjelege avslutninga på handballsesongen. Laget vann klassen sin på Voss handballcup.
I finalen sundag møtte Nore Neset 1 Nordnes, laget osingane tapte mot dagen før.
- Det var ei jamn turnering. Eg trur alle laga byta på å vinna mot kvarandre, fortel medtrenar og mor, Karina Lie.
Artikkelen held fram under annonsen.
Første- og andrelaget til Nore Neset kom på høvesvis første- og fjerdeplass i puljespelet. Andrelaget spela bronsefinale mot Salhus og tapte, medan førstelaget vann 9-4 over Nordnes i finalen.
- Jentene spelar i A-serien til vanleg, og har berre vunne éin kamp i serien i år, så dette trengte dei, seier Lie og legg til:
- Å reisa på cup handlar vel så mykje om det sosiale som å vinna kampar, men å vinna Voss handballcup var stort. Jentene var veldig glade.
No er serien over for i år. Lie vonar flest mogleg av jentene held fram med handballspelet når laget går over i 14-årsklassen til hausten.
- Vi har i alle fall hatt ein veldig positiv avslutning på sesongen, seier ho.
I tillegg til J13-laga, hadde Nore Neset med to J12-lag i turneringa. Laga kom på første- og andreplass i pulja si. 12-åringane spela ikkje sluttspel og finalar.