Tidlegare Tippeliga-spelar klar for Lysekloster
Joshua Pritchard har bakgrunn frå blant anna Manchester Uniteds U19-lag, og erfaring frå Tippeligaen med Tromsø. No skal han vera med og redda Lyseklosters plass i 2. divisjon.
- Dette er første forsterking av fleire. Pritchard er speleklar no, men grunna influensa den siste tida, vil han nok stå over kampen mot Nest-Sotra på laurdag, seier Svein Kollen.
Når overgangsvindauget opnar 22. juli, vil nok fleire spelarar bli klare for munkane.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Vi har ein engelskmann på prøvespel i desse dagar. Vi reknar med å forsterka med tre spelarar til, utanom Pritchard. Dette er naudsynt om vi skal klara å halda plassen, seier Kollen.
Forrykande skotfot
- Korleis kom de i kontakt med Pritchard?
- Kontakten skjedde via ein agent. Josh har solid erfaring frå høgt nivå, både i Tippeligaen, Europa League og U21 Premier League. Etter det vi veit var han sterkt ønska vidare i Tromsø då han var på utlån der, men han valte å heller ta sjansen heime i England, seier Kollen og held fram:
- Han er solid begge vegar på banen, og fungerer optimalt i ein 4-4-2-formasjon. Han er ein pasningssikker spelar, som også bidreg godt defensivt på banen. Han har òg ein forrykande skotfot.
Walisaren har kontrakt med Lysekloster ut sesongen.
Fødd: 23. september 1992
Høgde: 1,75 m
Nasjonalitet: Walisisk
Posisjon: Sentral midtbane
Fot: Høgre
Klubb: Lysekloster IL
Tidlegare klubber: Manchester United U-19, Fulham U-21, Tromsø IL, FC Honka, Gillingham FC
Utdrag frå prestasjonsdata:
Tippeligaen: 28 kampar
League One: 31 kampar
U21 Premier League: 50 kampar
Europa League gruppespel og kvalifisering: Totalt 13 kampar
Veikkausliiga (Finland): 6 kampar
Wales U-21: 4 kampar