Thiet Dang imponerte
Unge Thiet Dang skåra åtte mål og vart banens beste då Os-damene vann førsterundekampen over Bjørnar onsdag.
Os-damene måtte til Bjørnarhallen for å spela sesongens første kamp onsdag. Høvet var første runde i cupen.
Motstander Bjørnar rykte ned til 3. divisjon før denne sesongen, men det tidlegare storlaget beit godt frå seg i første omgang.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me brukte litt tid på å koma i gang. Til pause låg med under 15-16, men etter kvilen fekk jentene våre fart på ballen og vist at dei er betre trena enn Bjørnar-spelarane, fortel assistentrenar Gitte Torp.
Strålande Thiet
Etter pause sette osingane forsvaret skikkeleg, fekk ei rekkje flotte overgangar og drog sakte men sikkert i frå. Dei gul-svarte gav seg ikkje før det stod 31-25 i sluttprotokollen.
- Det var ein solid gjennomføring etter kvilen. Ekstra kjekt var det også at dei fire 99-spelarane me hadde med oss verkeleg viste at dei tek nivået. Liv Lunde og Bente Mjanger fekk A-lagsdebuten, medan Mia Torp Nielsen og Thiet Dang gjennomførte ein ny god A-lagskamp i Os-trøya, skryter assistentrenaren.
Ho var spesielt imponert over vesle Thiet Dang.
- Theit var strålande. Heilt rå. Ho skåra både på skot, gjennomløpning og straffer. Frå venstrebacken var ho nærast ustoppeleg, skryter trenar Torp.
Gror godt
Til helga reiser Os-damene på treningsleir til Strandebarm, deretter vert det heimekamp i cupen mot Viking. Kampen må spelast innan 31. august, men datoen er førebels ikkje sett.
- Det vert nok heimekamp. Me gler oss til å møta eit 1. divisjonslag, seier Torp.
Utover sesongen gler ho seg til å få opp og fram fleire unge spelarar frå eigen stall.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me er privilegerte i Os som slepp å henta spelarar frå andre klubbar. Det gror godt med yngre spelarar, og me ser fram til at fleire unge får debuten sin utover hausten, seier Torp.