Martin Femsteinevik tevla mot blant anna Martin Fourcade, Bøe-brørne Tarjei og Johannes, og Emil Hegle Svendsen på Blinkfestivalen i helga.
Martin Femsteinevik tevla mot blant anna Martin Fourcade, Bøe-brørne Tarjei og Johannes, og Emil Hegle Svendsen på Blinkfestivalen i helga.

Tevla mot verdseliten

Martin Femsteinevik gjekk fellesstart og supersprint på rulleski på Blinkfestivalen i Sandnes i helga. Han hamna i spurt-duell med Emil Hegle Svendsen om 11. plassen fredag - og vann!

- He-he. Det skal seiast at eg ikkje trur han gav alt, men uansett var det stort for meg, seier Femsteinevik.

Fredag var det fellesstart. Seks løparar, Tarjei og Johannes Bøe, Svendsen, Martin Fourcade, Arnd Peiffer og Nathan Smith var førehandsuttekne. Dei resterande 40 måtte kvalifisera seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Femsteinevik vart nummer seks og fekk gå finalen.

- Der var det elleve verdscup-deltakarar og ein ukjend mann frå Hordaland, smiler Femsteinevik.

Det var i dette løpet av han hamna i spurt-duell mot Svendsen, og vart nummer elleve av tolv deltakarar.

Mørkt og regnfullt

Laurdag var det supersprint som stod på programmet. 48 deltakarar vart delt inn i fire kvartfinale-heat. Femsteinevik imponerte stort, og tok seg greitt vidare til semifinalen. Dei fem beste i dei to semifinalane tok seg direkte vidare til finalen, medan dei to med best tid som hamna utanfor topp-fem også fekk gå finalen.

- Det viste seg at mitt heat hadde gått fort. Både eg på 6. plass, og Peiffer på 7. plass, tok oss til finalen, seier Femsteinevik.

I finalen hamna Femsteinevik på sisteplass, 1,04.9 bak vinnar Tarjei Bø.

- Det vart for mange bom på meg. Det var mørkt, og i tillegg regna det ganske mykje, så det var ikkje enkelt å sjå blinkane. Det var nok òg litt nervar inne i biletet, seier Femsteinevik.

Stort å få tevla mot verdseliten

Skiskyttaren som går for Hålandsdalen IL og krinslaget Team Gla´laks, er stornøgd med eigen innsats i helga.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Særleg fredagen er eg godt nøgd med. Eg hadde ikkje venta noko meir enn prologen, så det å få vera med i finalen var ein siger for meg. Det er stort å få tevla mot verdseliten i skiskyting, seier han.

No legg han seg i hardtrening før NM på rulleski i Os i Østerdalen om tre veker.

- Eg skal vera i god form også til NM på rulleski. Der kjem alle dei beste norske utøvarane til å vera med. Utviklingslandslaget var ikkje med i helga, men dei stiller til start i NM, seier Femsteinevik.