Terpa returløp før Tertnes-kampen
Os A-lag vil helst unngå unødige kontringar imot heime mot Tertnes. I veka terpa dei på posisjonering etter balltap.
Dei gul-svarte har for vane å styra spelet på heimebane på Kuventræ, men det er ikkje alltid at det resulterer i poengfangst. Sist helg hadde dei god kontroll på Vestsiden-Askøy i 90 prosent av kampen, men dei gongene det glapp, då vart det også skåring i mot.
- Om me skal ha los på den viktige fjerdeplassen, må me vinna kamper som den mot Vestsiden-Askøy, seier Erik Kanestrøm.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han minner om at Tertnes spelar på same måte.
- Både Vestsiden-Askøy og Tertnes bruker å liggja lågt og satsa på kontringar. Denne veka har me terpa på returløp og defensiv posisjonering. Nytt tap mot spelets gang er ikkje aktuelt, konstaterer Os-veteranen.
Ønskjer fleire mål
Kanestrøm meiner Os-kollektivet har vore bra etter ferien, men vedgår at dei har eit problem.
- Me skaper godt med sjansar, men har for dårleg utteljing. Eg er den første til å ta sjølvkritikk på det. Eg har hatt flust med sjansar og burde hatt mange fleire mål, seier Kanestrøm ærleg.
Per dags dato ligg Os på femteplass på tabellen med 27 poeng. Med siger mot Tertnes kan dei gå forbi Bjarg, som med sine 29 poeng ligg på den viktige fjerdeplassen i 3. divisjon avdeling 07.
Vårkampen mot Tertnes enda 1-1.
- Dei er høgreiste og duellsterke, men me skal vera betre. Eg håpar osingane kjem og støttar oss i denne viktige kampen, seier Kanestrøm.