Endre Brenne var tydeleg missnøgd med seg sjølv etter å ha gitt bort 2-2-målet.
Endre Brenne var tydeleg missnøgd med seg sjølv etter å ha gitt bort 2-2-målet.

Tapte mot 10 mann

Os spelte 11 mot 10 i så godt som heile kampen. Likevel blei det 3-2-tap heime mot Haugesund 2 torsdag kveld.

Det starta bra for Os. Haugesund fekk rødt kort etter tre minutt, då Mirko Kramaric sparka etter Christer Olsen. Sjølv med ein mann mindre skapte bortelaget trøbbel for Os, men det var heimelaget som skåra først. Anders Kinden gav Os leiinga etter 25 minutt med eit flott hovudstøt. Men leiinga varte berre i ti minutt. Frode Øvredal måtte gje retur på eit frispark. Haugesund 2-spelar Alexander Stølås var først på returen og utlikna. Os tok leiinga ved Emil Halver ti minutt ut i andre omgang, men Haugesund 2 svara med ein gang. Endre Brenne gav bort ballen i forsvar, og 2-2- var eit faktum. Ti minutt seinare kom siste skåringa for kvelden, signert bortelagets Erling Myklebust.

- Me må berre fortsetja

Os-trenar Hassan El Fakiri var naturleg nok skuffa etter tapet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Korleis er stemninga i gruppa etter seks tap på rad?

- Den er ikke på topp, sjølvtillitmessig. Det er det me må prøva å snu, slik at me får opp att stemninga. Det beste er å få ein siger, seier El Fakiri.

- Kjem de til å halde fram i same stil, eller er det aktuelt å endra på noko no?

- Me kjem ikkje til å endra stil. Det vil ta tid å få det til å sitja. Det er slik klubben skal spela, og det er slik me ønskjer å spela. Men me er langt i frå der me ønskjer å vera.

- De må plukka poeng snart, elles ser det mørkt ut!

- Me skjønner det me også. Det er jo det som tel. Samtidig så må me halda fram med å jobba knallhardt, både spelarane og me ute på feltet, for å få til den fotballen me ønskjer å spela, seier El Fakiri.