Trond Førde Eriksen skryter av det gode samhaldet i Os-laget. Han trur jentene lærte mykje på todagars-turen til Sogn og Fjordane.
Trond Førde Eriksen skryter av det gode samhaldet i Os-laget. Han trur jentene lærte mykje på todagars-turen til Sogn og Fjordane.

Tapte med fire mål for Stryn

Os-damene tapte søndag 26-22 mot Stryn. Men sjølv om det vart ein poenglaus tur til Sogn og Fjordane, trur trenaren at jentene lærte mykje.

Osingane var nærmare å ta poeng mot Stryn enn dei var mot Førde på laurdag. Dessverre for dei gul-svarte hadde dei korkje marginane eller dommarene med seg i bygda til skiskyttar-brørne Bøe.

- Eg synest synd på jentene i dag. Dei spelte ein veldig god forsvarskamp, men fekk ikkje fullt ut betalt i angrep mot slutten. Legg me til at dommarane ikkje akkurat var bortedommarar, skjønar ein at me vart litt frustrerte, forel trenar Trond Førde Eriksen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det stod 10-10 til pause. Etter kvilen kom heimelaget sterkare, men takk vere godt forsvarsspel hadde Os heile tida kontakt.

- Eg har sagt det tidlegare. Eg meiner Stryn har eit veldig godt lag. I lys av det synest eg jentene våre gjer ein god kamp. Og sjølv om det ikkje vart poeng på denne turen, så både trur og håpar eg at me har lært ein heil del, seier Eriksen.

Han meiner det gode samhaldet i laget, berre blir sterkare og sterkare.

- Dette er ein sjukt samansveisa gjeng. Dei støttar kvarandre meisterleg. Slikt samhald blir det gode lag av. Me skal koma sterkt tilbake. Alt på laurdag skal me slå Voss på heimebane, avsluttar Eriksen.