Cerin Isabel Eide, Amande Boe, Mari Skogland, Erika M.K. Andersen, Helle Haugetun og Eirun Klyve.
Cerin Isabel Eide, Amande Boe, Mari Skogland, Erika M.K. Andersen, Helle Haugetun og Eirun Klyve.

Tapte i nye drakter

Trass i splitter nye drakter vart det 0-3-tap på Søre Neset-damene sitt andrelag måndag.

Søre Neset 2 starta noko svakt heime mot Fotlandsvåg i Nore Neset-hallen måndag kveld. Men sjølv om det aldri vart settpoeng til dei raudkledde, spelte heimelaget seg godt opp i første og andre sett.

- Utover i første sett utlikna me til 12-12. Dessverre fekk me aldri tak på Fotlandsvåg sine gode servar. Dermed tapte me første settet 13-25. Andre settet var ganske likt med ein svak start, betre midtperiode, før me rota det litt til mot slutten og tapte 15-25, fortel trenar Morten Asphaug.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 3. sett var heimelaget tomme for krefter og tapte klart 9-25.

- Uansett tap er eg godt nøgd med jentene. Dette er ein gjeng med snittalder på 15,6 år. Då er det imponerande at dei presterer så pass bra mot eit lag som slåst om medalje, seier Aspahug.

Til veka skal laget ut mot Sotra. Då er målet poeng.