Tapsrekkja held fram for Os
Os tapte heile 4-0 borte mot Staal Jørpeland i dag. Dermed har dei gule og svarte fem tap på rad.
I følgje Twitter-oppdateringer hadde Os lite å stilla opp med mot aggressive Staal-spelarar. Då sluttsignalet gjekk, hadde Os-keeper Frode Øvredal plukka ballen ut av nettet fire gonger, medan Os ikkje klarte å få hull på byllen.
Mange fråvær
Os reiste til bortekampen mot Staal Jørpeland med ein tropp på 15 spelarar. Fråværslista er lang som eit vondt år: Christer Olsen, Erik Kanestrøm, Marius Mikkelsen, Håkon Kvittingen, Torkel Hjertnes, Børge Borgen, Sebastian Skåre Thune, Kasper Færøvik og Aksel Skaar, var alle utilgjengelege.
Artikkelen held fram under annonsen.
Braktap
Til pause stod det 1-0 til heimelaget. Målet kom etter 34 minutt, då eit frispark vart stussa vidare, og forbi Frode Øvredal i Os-målet. Staal heldt fram med å køyra kampen i andreomgang, og alt etter fem minutt kom skåring nummer to. Eit kvarter seinare låg ballen i nettet bak Øvredal igjen. Staal stoppa ikkje der. Om lag ti minutt før slutt kom dagens siste skåring. Os reiste heim med eit 4-0-tap i sekken, og ligg no nest sist på tabellen.
Startoppstillinga
Os stilte med følgjande lag: Frode Øvredal, Christoffer Hevrøy, Endre Brenne, Knut Haga, Glenn Krossøy, Anders Kinden, Adrian Valle, Sander Kvittingen, Kristoffer Østervold, Emil Halver og Steffen Ljosheim. På benken: Stian Bakke, Mats Lepsøe, Ola Lekven Lunde og Torgeir Lunde.