Talentfull samling
Kvart år arrangerer HIL minst ei samling for skiskyttarar i Hordaland skiskyttarkrets. I helga var 13-16-åringane samla på Holdhus.
Dei 27 ungdomane budde i kjellaren på Holdhus skule og hadde alle treningsøktene sine på Holdhus og i området rundt. I tillegg til dei vanlege HIL-trenarane, hadde me i år hjelp av Ann-Elen Skjelbreid og juniorane Ragnhild Femsteinevik og Aslak Undheim. Dei gav alle gode råd for betre teknikk på rulleski. Treningsøktene elles inneheldt mykje skytetrening.
- Mellom øktene er det kjekt å vera i gymsalen og spela fotball, sa eit par gutar.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Og så må me kvila litt, sa ein annan gut.
Raskt stille
Aktiviteten er så stor i løpet av dagen at det vert stille raskt etter leggetid om kveldane.
HIL-foreldra deler på vaktene under samlinga. Nokon lager mat, andre er nattevakt. Camilla Aarset fekk med seg begge deler då ho hadde ansvaret for kveldsmaten på laurdag og nattevakt fram til klokka 02.00.
- Det var veldig god stemning her. Alle var saman på ein veldig fin måte. Det var ingen herjing og alle såg ut til å ha det veldig kjekt saman, oppsummerte Camilla etter vakta si.
Sidan det var aktivitetshelg i Hålandsdalen denne helga, fekk skiskyttarungdomen med seg mykje forskjellig. Dei fekk mellom anna vere med på ungdomskonsert i gamlekyrkja. Det var ein veldig fin konsert, meinte dei som tok turen.
Fyrstemann til mål
Søndag måtte skiskyttarane svært tidleg opp. Det var viktig å pakka ned sakene og gjera plass til matfestivalen. Medan fårikålen kom på kok, var det tid for skytetest for skiskyttarane. Heldigvis var det fint ver.
- Alt blir lettare då, fortalde trenarane.
Den siste økta på samlinga var «Vengsvatnet rundt». Trenarane fortel at skiskyttarungdomane er vane med å konkurrera og liker slikt. Sjølv om dei er gode vener på samlinga, er det berre ein ting som tel når startskuddet går: Fyrstemann i mål!
Artikkelen held fram under annonsen.
Skiskyttarsamlinga vart avslutta med middag på matfestivalen. Det såg ut til å smaka veldig godt. Fleire måtte ha to porsjonar før dei vart mette.