Nok ein spelar er klar for Lysekloster. Sebastian Holmqvist er den fjerde sommarsigneringa.
Nok ein spelar er klar for Lysekloster. Sebastian Holmqvist er den fjerde sommarsigneringa.

Svenske klar for Lysekloster

Lysekloster signerte i går sin fjerde spelar for sommaren. Sebastian Holmqvist (23) kjem frå Jönköpings Södra IF.

- Sebastian er ein svært rask høgrekant som også kan spela høgreback. Vi håpar å få han speleklar til kampen mot Fana komande laurdag, seier Svein Kollen.

Ferdige med sommarhandlinga

23-åringen har vore på lån til Nest-Sotra i vår frå Jönköping Södra. Han har tidlegare spelt for AIK i juniorallsvenskan og Nyköpings BIS.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lysekloster-trenar Thomas Sandal fortel at Holmqvist er ein spelartype dei har vore på utkikk etter.

- Vi har slite med ein del skadar i angrepsrekkja og særskilt på høgrekanten. Sebastian kan spela både kant og back, men vi ser føre oss å bruka han som kant, seier Sandal.

Holmqvist er den fjerde signeringen til Lysekloster i sommar.

- Er de ferdige med handlinga i sommar?

- Ja, det er vi, om det ikkje kjem ein Liverpool-spelar rekande på ei fjøl så, seier Liverpool-supportaren og ler.

Korttidskontraktar

Felles for alle sommarsigneringane er at dei er på korttidskontraktar.

- Dette er både for spelarane og klubbens skuld. Dei er alle i ulike situasjonar i karrieren, og vi er blitt einige om at dette er det beste for begge partar.

- Er det gjort nokre munnlege avtalar om forlenging av kontraktane om de held dykk i 2. divisjon?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Nei, men vi kjem til å ta ein prat ved sesongslutt. Om dei får forlenga kontraktane er avhenigig av fleire faktorar, som om dei trivst og om dei presterer.

Full tropp mot Fana?

Klubben håpar at Holmqvist er speleklar til helga. Då ventar Fana på bortebane.

- Korleis står det elles til med troppen?

- Thomas Helland var ikkje med sist grunna skade. Han kjem til å trena alternativt i dag, så vi er usikre på om han er klar til helga. Elles er det ingen andre som er ute, men det er framleis lenge til kamp og mykje kan skje, seier Sandal.