Geir Skaten og KLas Færøvik var strålande nøgde med prestasjonen i Skansemyren terrengstafett. Med tida 18,40 var dei berre litt over minuttet bak Gular som vann eliteklassen for herrar. (Privat foto)

Suverene siger i terrengstafett

Klas Færøvik og Geir Skaten utgjorde ein ustoppeleg duo i terrengstafetten på Skansemyren onsdag.

Duoen frå Opptur Motbakkeklubb var fullstendig suveren i klassen for + 35-løparar. I lag gjorde gutane seks kilometer i kupért terreng unna på berre 18,40. Med det var Opptur-gutane over halvanne minutt raskare enn lag nummer to.

- Det var kjempemoro. Både Geir og eg hadde dagen og styrte løpet frå start til mål, fortel Klas Færøvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

3 x 1.000 m kvar

Den fersek noregsmeistaren i terrengløp var offensiv frå start. Det lønte seg.

- Eg følte meg sterk og gav jernet på min første av tre 1.000-metarar. Alt då fekk eg ein luke på argaste konkurrent, Ørjan Nilsen, og laget hans. Den luka auka Geir og eg berre meir og meir for kvar 1.000 m me sprang, fortel ein svært nøgd Færøvik.

Opptur-duoen vann også denne stafetten i fjor, men onsdag sprang dei nær eit halvt minutt raskare. Det sjølv om årets løype var noko tøffare.

Klas Færøvik sender Geir Skaten av garde på ny 1.000 m.
Klas Færøvik sender Geir Skaten av garde på ny 1.000 m.
Ein opplagt Klas Færøvik tok teten alt etter eit par hundre meter på førsteetappen.
Ein opplagt Klas Færøvik tok teten alt etter eit par hundre meter på førsteetappen.

- Det var ein hard løype med mykje opp- og ned-springing, men både Geir og eg er i kanonform. Då er det berre moro å springa slike løp, seier Færøvik.