Suverene krinsmeistrar
Med 3-0-siger over Åsane i KM-finalen kunne Nore Neset jenter 13 jubla for nok ein triumf denne sesongen.
Den råsterke årgangen på Nore Neset vart ytterlegare styrkja då jentene frå Lysekloster og Søre Neset slo seg saman med dei i fjor haust. Etter det har gjengen gått frå den eine suksessen til den andre.
I vinter vart det siger i Fana IL si vinterturnering og MX-cup på Nore Neset. Sidan følgde jentene opp med sin kanskje største prestasjon, nemleg å vinna Sør Cup i Kristiansand i sommar. No i haust vann første- og andrelaget sine serieavdelingar, og som om ikkje det var nok, gjekk altså førstelagsgjengen bort og vann KM-finalen no søndag.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det har vore ein stor sesong og me er sjølvsagt veldig nøgde med det jentene har prestert, seier Eirik Kvittingen, ein av lagets fire trenarar.
Solid finale-siger
Til finalen i Vestlandshallen stilte norenesingane med ein solid heiagjeng. Med kubjeller og innøvde heiarop lét dei verkeleg dei blåkledde jentene på 9-ar-banen få merka støtte frå tribunen.
- Supporterane våre er heilt supre. Dei er nesten like gode som spelarane, humrar Kvittingen.
På banen svara jentene på tiltale. I første omgang ordna kaptein Andrine Brunvatne Kvittingen 1-0. I andre omgang putta Malin Ludvigsen på to gonger og sikra dermed ein solid og velfortent 3-0-siger over dei oransjekledde motstandarane som i praksis spelte på heimebane i Vestlandshallen.
Fem på krinslaget
Totalt 21 blåtrøyer fekk KM-medaljen søndag.
- Me hadde alle jentene i troppen med til kamp. Samtlege har vore med og bidrege til suksessen, så for oss var det viktig at også dei som ikkje spelte denne kampen, fekk ta del i sigersfesten og opplevinga etterpå, fortel trenaren.
No er sesongen ferdig, men for fem jenter vert det meir fotball også utover hausten.
- Me har fem jenter som skal vera med på krinslaget utover vinteren. Dei har faktisk sin første trening i dag, fortel Kvittingen.