Søre Neset var suverene i årets sesong og er klare for neste års 2. divisjon. Med seg på opprykket får dei Sotra, som dei her poserer med. (Privat foto)
Søre Neset var suverene i årets sesong og er klare for neste års 2. divisjon. Med seg på opprykket får dei Sotra, som dei her poserer med. (Privat foto)

Suveren sesong av Søre Neset-damene

Med 140 poeng av 140 moglege kan volleyball-damene på Søre Neset 1 seia seg godt nøgde med sesongen.

Førstelaget til Søre Neset damer gjekk i helga inn i det avsluttande ranking-spelet som seriemeistrar. Likevel var dei fullt innstilte på å vinna rankinga og visa seg som verdige vinnarar i 3. divisjon.

Med siger over BSI3, Fotlandsvåg var sørenesingane klare for finalar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sotra slår følgje

Etter å ha vunne gruppespelet møtte Søre Neset Gneist3 og Sotra i sluttspelet.

Begge kampane enda med siger til jentene i rosa - mot Gneist 2-0 (25-13 og 25-20) og mot Sotra 2-1 etter settsiffra 25-22,23-25 og 15-6.

Dermed vann Søre Neset både serien og begge rankingspela for sesongen. Med 140 av 140 poeng er det ikkje anna å seia enn at laget frå Os har vore overlegent i 3. divisjon.

Med seg til 2. divisjon neste sesong får dei Sotra.

Andrelaget til Søre Neset fekk det tøft i denne rankinga. Ettersom fleire spelarar måtte spela for førstelaget var dei stundom berre fem spelarar. Laget tapte til slutt kampen om 10. plassen mot Knarvik og enda dermed som nummer 11.