Suveren i uttaksløpa
Sverre Lunde Pedersen er suveren i uttaksløpa til verdscupen i Sørmarka Arena.
Heile 155 skeisarar er samla i Stavanger for å gå uttaksløp til V-cupen denne helga.
Sverre Lunde Pedersen er forlengst teken ut til V-cup-opninga i Calgary og trengde i så måte ikkje gå Noregscup-løpa i Sørmarka arena denne. Osingen stilte likevel til start, og imponerte som vanleg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Suveren på halvmila
På fredagens 1.500 meter glei Sverre inn til tida 1,46,32 og vann med det distansen framfor Håvard Bøkko. Hol-løparen noterte seg for 1,47,49.
På 5.000 m var Sverre heilt suveren og i eiga klasse. Med tida 6,20,27 var 24-åringen nær ni sekund raskare enn næraste konkurrent, Håvard Bøkko.
V-cup-opninga er lagt til Calgary i Canada. Løpa starter fredag 13. november.
- Eg er veldig nøgd med innsatsen. Målt mot i fjor på same tid ligg eg langt framfor. Til samanlikning gjekk eg fjorårets halvmil her nede på 6,24, fortel Sverre, som i morgon (søndag) avsluttar helga i Stavanger med å gå 1.000 m