Surt tap på Kuventræ
3-1 blei sluttsummen etter 90 minutt i surt vêr på Kuventræ. Sjølv om trenar Ørjan Håland ser forbetringspotensiale i heimelaget, tek han tapet med fatning.
Det var spenning frå første fråspark på Kuventræ stadion laurdag ettermiddag. Bortelaget Vestsiden-Askøy skåra sitt første mål i kampens speleminutt, og Os fekk presset på seg med ein gong. Jubelen var difor til å ta å føla på då nysignerte Divaldo Cardoso utligna for heimelaget.
Farleg motstandar
Men Askøyværingane hadde langt frå tenkt å gje seg med det. Særleg Tord Søreide Fjorden viste seg å vera ein farleg motstandar. Han sette to etterfølgjande mål inn i Os-buret, først i kampens 38. speleminutt, og deretter i 52. minutt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Første del av andre omgang var ballen mykje på osingane sin banehalvdel. Etter nokre strategiske bytte vart tempoet sett opp kraftig på slutten. Presset låg på Os som skapte målsjanse på målsjanse, men utan at det gav utteljing. Bortelaget fekk tydeleg beskjed frå trenaren sin å stå imot presset frå osingane, og dei følgte ordre til punkt og prikke - heilt til dommaren blåste av kampen.
Månelyst
Assisterande trenar Ørjan Håland sin analyse av kampen er at osingane må gå i seg sjølv når det gjeld det defensive spelet.
- Fram til denne kampen hadde me berre sleppt inn 21 mål. Det er tredje best i ligaen. Men me har sett det i enkelte kampar at når me først slepp inn mål, så blir det heilt månelyst med både tre og fire. Det blir farleg kvar gong dei er på vår banehalvdel. Der har me meir å gå på defensivt.
- Men det er Os som skapar flest sjansar i andre omgang?
- Ingen tvil om det. I første omgang hadde heller ikkje Vestsiden så veldig mange sjansar. Dei hadde to store sjansar og då skårar dei. Av og til bommar me, det kan jo skje alle. Men ein kan ikkje vera sint på nokon heller - det er mange som gjer gode prestasjonar, avsluttar Håland.