Sumde seg til fem finalar
Emil Austevoll Harlem sumde seg til fem finalar og tok tre bronsemedaljar under LAMØ i Førde.
Kenneth Svenningsen
kenneth.svenningsen@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
2004-symjarane Tracy Holm, Janne Holm og Emma Skarstein Kjetland var også nære å kvalifisera seg til helgas LAMØ-stemnet (landsdelsårklasse-mønstring) i Førde, men etter dei strenge krava til deltaking, var det til slutt berre Emil Austevoll Harlem som fekk reisepass.
Med på turen fekk han far og trenar Thomas Harlem.
Fem distansar
Det store stemnet gjekk av stabelen i Førde Svømmehall. Her var dei 24 beste symjarane i region Vest (Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane) samla til dyst over to dagar. Totalt var over 300 utøvarar i aksjon.
Kvar deltakar sumde fem distansar - 100 butterfly, 400 bryst, 200 bryst, 200 rygg og 200 medley.
- Emil gjorde det svært godt. Han sette solide personlege rekordar på alle distansane og viste at han beherskar kvar distanse svært godt, fortel pappa Harlem.
Ungguten hadde før stemnet eit mål om å nå finalen på minst éin distanse. Resultatet vart fem.
- Han hadde også eit mål om ein medalje. Resultatet vart tre, så i lys av forventingane gjekk dette veldig bra, seier Thomas Harlem.
30 sek. forbetring
Vel så mykje som finaleplassane og medaljane, gledde det Emil at han sette nye personleg rekord på samtlege distansar.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Totalt betra han tida med 30 sekund på dei fem distansane. Det er rimeleg stor framgang, og noko han kan seia seg godt nøgd med, seier pappa Thomas.