Strandvik Open er godt i gang
Denne veka står volleyballbygda Strandvik på hovudet.
Tre kjekke dagar er så langt gått med til trening og turnering for U13, U15, U17 og U19. Nivået har vore høgt og mange av kampane har vore jevne og spennande.
Fredag ettermiddag er det duka for nye spennande kampar, med Mix 2-turnering.
Artikkelen held fram under annonsen.
Spenning vert det laurdag også, når bedrifter og venelag skal konkurrera i sanden. Laurdag går også startskotet for årets Strandvikløp. Det er rett og slett mykje å gle seg til i Strandvik Idrettspark i helga.
jostein@osogfusa.no