Strålande stemning i solskinet
Os-mann Tore Kleppe sytte for eit verdig punktum på dag 1 i Bendit Cup for dei unge fotballentusiastane.
- Årets spelar! Det største talentet! Beste spelar i kamp ein!
Kvar einskilt spelar på alle laga fekk nokre gode ord frå Os-mannen, som sat med roperten og hadde ansvar for medaljeutdelinga laurdag.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Er det nokre spelarar frå Søfteland Neptun her!
- Eg kan ikkje høyra dykk! Ikkje bry dykk om kva foreldra dykkar seier. Det er lov å laga litt lyd no. Er det nokre spelarar frå Søfteland Neptun her!
- Jaaaaa!
- Flott!
Stor påmelding
På Kuventræ vert det denne helga arrangert fotballcup for barneskule-born for 18. året på rad. Heile 142 lag var påmeldt, og sjølv om banekapasiteten var redusert frå tre til to banar, såg det ut til å gå som smurt då me stakk innnom laurdag.
Cupen held fram i dag, med minst like mange ivrige born i sving. Ta turen innom Kuventræ om du ønskjer å oppleva ekte idrettsglede.