Stortap i første kamp
Voss 2 blei for sterke i første kvalifiseringskamp til 6. divisjon. Nore Neset blei slått 5-1 på heimebane søndag.
- Resultatet lyg litt. Dei var ekstremt effektive, og skåra på så godt som alle sjansane sine. Me var ineffektive, seier Nore Neset-trenar Arne Sælensminde.
Framleis håp
Begge lag stilte med ein sterk tropp søndag, med mange innslag frå førstelaga.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Dei hadde minst fem eller seks førstelagsspelarar i troppen. Dei spelarane held eit godt 4. divisjons-nivå, så det var ein god test for laget vårt, seier Sælensminde.
Alle som var i troppen var friske og raske, og det var ikkje noko å seia på oppladinga.
- Alle føresetnadane for at det skulle gå bra var tilstade, men me trekte det kortaste strået. Me har likevel ikkje gitt opp håpet. Kampen var jamn, og me har tru på at me kan snu det på Voss på onsdag, seier Nore Neset-trenaren.